Økonomisk stønad til høgtider og merkedagar
Utgifter knytt til spesielle hendingar og høgtider, som jul, Id og konfirmasjon, kan vere del av tenestemottakarens livsopphaldsutgifter etter ei konkret vurdering av personens heilskaplege situasjon.
Publisert 25.11.2024
Arbeids- og velferdsdirektoratet minner om at jula nærmar seg og at auka utgifter i samband med julefeiringa kan gi rett til meir økonomisk stønad etter sosialtenestelova. Dei minner også om at det er viktig at Nav-kontora bidrar med å ivareta barn og unge i sårbare familiar, og at Nav skal vurdere alle søknader om stønad til julefeiring konkret og individuelt ut frå den enkelte sitt behov.
Du kan lese nyhendemelding frå Arbeids- og velferdsdirektoratet på nav.no.