Kan Nav ta stipendet til barna med i berekninga av foreldre sitt behov for sosialstønad?
Arbeids- og velferdsdirektoratet har svart på nokre spørsmål om inntektsberekning av barns stipend i foreldra si sak.
Publisert 28.01.2025
Vi behandlar frå tid til anna klager på vedtak om økonomisk stønad frå personar som har barn i vidaregåande skule som får stipend frå Lånekassen, eller som kan ha rett til slikt stipend. I desse sakene dukkar det opp ei rekke ulike problemstillingar.
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har sendt brev til Arbeids- og velferdsdirektoratet der dei stilte spørsmål knytt til desse problemstillingane, og direktoratet svarte 24. januar 2025. Dette er spørsmåla:
- Fell barns moglege rett til stipend frå Lånekassen inn under alle andre moglegheiter som søkaren av økonomisk stønad (foreldra) skal utnytte, jamfør punkt 4.18.1.2 i rundskrivet til sosialtenestelova?
- Dersom ja, kan Nav då stille vilkår etter sosialtenestelova § 20 i foreldra sitt vedtak om at barnet skal søke om stipend?
- Det er normalt barnet som mottar stipendet, og som får dette utbetalt til sin konto. Har Nav høve til og heimel for å legge til grunn at inntekt som blir utbetalt til barnet blir disponert av foreldra?
Svara med grunngjeving kan du lese i brevet frå direktoratet.