Dei sosiale tenestene i Nav er ikkje tilgjengeleg nok
Tilgjengelegheita til dei sosiale tenestene var tema for ei landsomfattande undersøking i 2020-2021. Helsetilsynet har oppsummert funna og rår til at kommunane, Arbeids- og velferdsdirektoratet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet set i verk tiltak.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dei sosiale tenestene i Nav er det siste sikkerheitsnettet i samfunnet vårt og skal sikre at alle har det nødvendigaste til livsopphaldet sitt. Tenestene skal vere tilgjengelege for alle, uansett kva situasjon du er i, og uavhengig om samfunnet er ramma av pandemi.
Undersøkinga viste at dei sosiale tenestene ikkje er tilgjengelege nok, sjølv om publikum kan ta kontakt både ved personleg oppmøte, per telefon og på ulike digitale plattformer.
Helsetilsynet ser alvorleg på dette, fordi det kan føre til at ikkje alle som treng sosiale tenester, får hjelp til å dekke grunnleggjande behov som pengar til mat, straum og bustad, til rett tid.
Dette er tilrådingane frå Helsetilsynet:
- Opningstidene ved Nav-kontora blir evaluert.
- Tydeleg, skriftleg kommunikasjon mellom Navs kontaktsenter og Nav-kontora må sikrast gjennom fagsystem som ivaretar teieplikta.
- Kommunane tek eit større ansvar for å svare på telefonar som kjem frå brukarane via Navs kontaktsenter, og opprettar vakttelefon.
- Kommunens ansvar som det siste sikkerheitsnettet blir forankra i partnarskapen mellom statleg Nav og kommunen.
- Grensa mellom kva Nav-kontora har ansvar for og kva samarbeidspartar har ansvar for, bør greiast ut.
- Det blir gjennomført undersøkingar i tida framover for å kontrollere at tiltak som blir sett i verk fører til betre tilgjengelegheit og forsvarlege sosiale tenester for brukarane.