Avslutning av kvalifiseringsprogram

Skal Nav alltid gjere stoppvedtak etter sosialtenestelova paragraf 34, når ein deltakar avsluttar kvalifiseringsprogrammet og programmet ikkje blir forlenga?

Publisert 14.03.2025

Nav gjer vedtak om kvalifiseringsprogram for inntil eitt år om gongen. Ved slutten av vedtaksperioden, må dei vurdere om programmet skal forlengast eller avsluttast. Nav skal gjere vedtak, både ved forlenging og ved avslutning, med mindre den maksimale varigheita av programmet er nådd.

No har Arbeids- og velferdsdirektoratet avklart om Nav skal gjere vedtak om avslutning, dersom ein deltakar ikkje har kome i jobb etter å ha fullført to år i kvalifiseringsprogrammet. I brevet frå direktoratet går det fram at dersom den maksimale varigheita av programmet er nådd, er det ikkje naudsynt å gjere vedtak om avslutning. Det er då utan betydning om personen har kome i arbeid eller ikkje. Nav må likevel vurdere om programmet skal forlengast jamfør sosialtenestelova paragraf 32, første ledd, andre punktum, som seier at programmet kan forlengast med inntil eitt år, dersom særlege grunnar tilseier det.   

Du kan lese meir om svaret frå direktoratet i brevet som ligg under «Dokument».

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.