Arbeidsevnevurdering ved søknad om kvalifiseringsprogram

Har du høyrt om kvalifiseringsprogrammet? Det er ei ordning gjennom sosialtenestelova som skal hjelpe personar som treng tett og koordinert oppfølging til å finne ein jobb.

Publisert 14.01.2025

Kvalifiseringsprogrammet er blant dei viktigaste verktøya vi har for å førebyggje fattigdom og fremje sosial inkludering. Programmet tilbyr deltakarane tverrfagleg oppfølging og er skreddarsydd for å hjelpe dei å kome ut i arbeid. I tillegg til ein økonomisk stønad, får deltakarane eit individuelt tilpassa fulltidsprogram som rettar seg mot krava i arbeidslivet.

Ordninga er for personar mellom 18 og 67 år med vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne og ingen eller svært avgrensa ytingar til livsopphald etter folketrygdlova eller arbeidsmarknadslova.

Retten til å delta i programmet føreset at personen har gjennomgått ei arbeidsevnevurdering, og at tett og koordinert bistand gjennom deltaking i programmet er hensiktsmessig og nødvendig for å styrke vedkommande si mogelegheit for å delta i arbeidslivet.

Kvalifiseringsprogrammet og arbeidsevnevurdering

Når du søkjer om kvalifiseringsprogrammet, er det Nav-kontoret som vurderer om du oppfyller inngangsvilkåra i sosialtenestelova paragraf 29. Det er her arbeidsevnevurderinga spelar ei nøkkelrolle. Nav skal snakke med deg om dine erfaringar, ressursar og utfordringar for å få nok informasjon til å gjere sosialfaglege vurderingar av situasjonen din, og finne ut om du er i målgruppa for kvalifiseringsprogrammet. Dersom arbeidsevnevurderinga konkluderer med at du har behov for spesielt tilpassa oppfølging, kan du ha rett på kvalifiseringsprogram.

Når er arbeidsevnevurderinga nødvendig?

Nav-kontoret skal som hovudregel lage eller oppdatere ei arbeidsevnevurdering når nokon søkjer om kvalifiseringsprogrammet, men det finst unntak; til dømes om du allereie har uføretrygd, er i full jobb, eller grunna alder ikkje er i målgruppa. I slike tilfelle kan det likevel vere nyttig å få ei vurdering av kva hjelp Nav kan tilby. Du kan lese kva Arbeids- og velferdsdirektoratet har skrive om kvalifiseringsprogram og arbeidsevnevurdering i eit brev dei skreiv 9. desember 2024.

Dersom Nav avslår søknaden din fordi dei meiner programmet ikkje er nødvendig for å hjelpe deg i arbeid, skal vurderinga vere basert på ei oppdatert arbeidsevnevurdering og eit sosialfagleg skjønn.

Viktig å vite

Når Nav gjennomfører ei arbeidsevnevurdering, får du kjennskap til kva som gir rett til kvalifiseringsprogram, og det kan også gjere det enklare for deg å forstå eit eventuelt avslag. Dersom du ikkje er i målgruppa for programmet, kan arbeidsevnevurderinga gi peikepinn på om du har rett til andre tiltak og oppfølging frå Nav for å kome i jobb.

Ei grundig arbeidsevnevurdering kan opne døra til kvalifiseringsprogrammet og gi deg den støtta du treng. Viss du opplever at vurderinga ikkje reflekterer dine behov, bruk klageretten din. Slik sikrar du at Nav får heile biletet av situasjonen din og kva hjelp du treng.

Viss du får avslag på søknaden din utan å forstå kvifor, eller du meiner det har skjedd ein feil, kan du sende klage til Nav-kontoret. Då skal Nav vurdere saka på nytt. Dersom Nav opprettheld vedtaket sitt, sender dei klagesaka vidare til rett klageinstans. Om du klagar på resultatet av arbeidsevnevurderinga, er det Nav Klage og Anke som er klageinstans. Dersom du får avslag på kvalifiseringsprogram, sjølv om arbeidsevnevurderinga konkluderer med at du treng spesielt tilpassa oppfølging, er det Statsforvaltaren som er klageinstans.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.