Tilskot til ALIS-avtalar for næringsdrivande fastlegar
Målet er å auke talet på fastlegar i kommunane, redusere talet på ledige fastlegeavtalar og auke stabilitet blant allmennlegar i spesialisering. Søknadsfrist er 11. november.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Målgruppa for ordninga er kommunar med rekrutteringsutfordringar og eller manglande stabilitet i fastlegeordninga. Helsedirektoratet gjer merksam på at kommunar som har fått tilskot over ordninga «Rekruttering av fastleger og stabilitetet blant leger i kommuner som har rekrutteringsvansker», ikkje vil bli prioritert.
Søknad gjerast elektronisk i Altinn via Helsedirektoratet sine nettsider.
Her finn du søknadsskjema og lenke til tilskotsregelverket.
Kommunar med LIS som deltek eller skal delta i regi av prosjekta ALIS Vest og ALIS Nord vil ikkje kunne søke tilskotsmidlar for aktuell kandidat.
Tilskotsordninga til ALIS-avtalar for næringsdrivande fastlegar vart etablert som eit resultat av forhandlingar mellom Den norske legeforening og Helse- og omsorgsdepartmentet. Tilskotet var lyst ut våren 2002, men på grunn av få søkarar, blir tilskotet lyst ut på ny. I 2020 er løyvinga til ordninga 32 millionar kroner.
Kontaktpersoner
-
Linda Svori
Tlf: 57 64 31 61 / 93 28 64 42