Råd til helse- og omsorgsinstitusjonar om besøk i julehøgtida
Jule- og nyttårsfeiringa står for døra, og mange som tek imot helse- og omsorgstenester vil i denne tida få besøk, eller ønske å dra heim til pårørande, vennar og familie.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Samtidig har bebuarar og pasientar i helse- og omsorgsinstitusjonar og samlokaliserte omsorgsbustader ofte ein høg risiko for å bli sjuke av covid-19. Helse- og omsorgsinstitusjoner og omsorgsbustader må legge til rette for at bebuarar og pasientar kan få besøk eller dra på besøk i tråd med nasjonale tilrådingar om private samankomster, men smittevernhensyn må takast vare på.
Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har oppdatert dei nasjonale råda og anbefalingane om besøk i helse- og omsorgsinstitusjonar, samlokaliserte omsorgsbustader og liknande. Følgjande nasjonale anbefalingar er særleg relevant for besøk i forbindelse med jule- og nyttårshøgtida:
Helsedirektoratet sin koronarettleiar:
- Besøk/turar ut frå kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar
- Besøk i sjukeheimar og andre kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar
- Besøk i samlokaliserte omsorgsbustader mv.
- Besøk i spesialisthelsetenesta
Folkehelseinstituttet sin koronarettleiar:
- Smittevernråd ved besøk i kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar
- Råd ved helse- og omsorgstenester i privat bustad og private heimar i samlokaliserte omsorgsbustader mv.
- Råd til spesialisthelsetenesta
Lokale helsemyndigheiter kan ha eigne anbefalingar basert på lokal smittesituasjon.
Kontaktpersoner
-
Linda Svori
Tlf: 57 64 31 61 / 93 28 64 42