Opptrappingsplan har ført til auka merksemd på habiliterings- og rehabiliteringsfeltet

Evalueringa tyder på at det har vore ei viss styrking av rehabiliteringstenestene, men det er lite som tyder på at habiliteringsfeltet har blitt vesentleg styrka.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.02.2021

Evalueringa viser at planen har retta merksemd på eit felt som tidlegare ikkje har vore tilstrekkeleg prioritert.

Opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering (2017 – 2019) vart lansert for å styrke habilitering og rehabilitering i kommunane.

Evalueringa av planen har særleg merksemd på kommunen og ansvaret for å koordinere kartlegging av behov og levering av tenester til befolkninga. Kommunane har fått midlar i rammetilskotet og etter søknad til tilskot til kompetanse- og kapasitetsheving og til innovasjon.

KPMG, som har evaluert Opptrappingsplanen, rår til at det blir laga ein nasjonal plan for habilitering og rehabilitering.

Les meir i saka på Helsedirektoratet sine nettsider, og her kan du lese sjølve evalueringsrapporten.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.