Oppfølging av kvalitet og pasientsikkerheit i allmennlegetenesta i kommunane
Kommunane har eit ansvar for å stimulere fastlegekontor til å drive med kvalitetsarbeid. Dei har også eit ansvar for å delta i gjennomføring av faglege pålegg som helsepersonell kan få frå Statens helsetilsyn og statsforvaltarane. To aktørar kan hjelpe kommunane i dette arbeidet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Senter for kvalitet i legetjenesten (SKIL) og Norsk kvalitetsforbedring av laboratorieundersøkelser (NOKLUS) er relevante aktørar for å hjelpe kommunar i arbeidet med kvalitet og pasientsikkerheit i allmennlegetenesta eller fastlegetenesta. Vi oppmodar kommunane om å stimulere fastlegekontora til å drive systematisk kvalitetsforbetring, og å gjere SKIL og NOKLUS kjende for fastlegekontora i kommunane.
Fagleg pålegg i saker med pliktbrot
Etter ny ordning frå 1. juli 2022, kan Statens helsetilsyn og statsforvaltarane gje fagleg pålegg i saker det vert påpeika pliktbrot, og pliktbrotet handlar om fagleg svikt. Fagleg pålegg er aktuelt i saker der det usikkert om helsepersonellet har gode nok faglege kvalifikasjonar, men der ei avgrensing av autorisasjonen vert sett på som for inngripande. Eit slikt fagleg pålegg kan i nokre tilfelle vere å gjennomgå eit kurs, eller få rettleiing. Kommunane har eit ansvar for at det faglege pålegget vert gjennomført, og det er viktig at kommunane er klar over dette ansvaret. SKIL har kurspakkar som i nokre høve kan vere relevante ved faglege pålegg.
Heve kvaliteten på tenestene
I handlingsplan for allmennlegetjenesten 2020-2024 er det eit eige punkt som handlar om å betre kvaliteten på allmennlegetenesta, og det systematiske arbeidet med kvalitetsforbetring og pasientsikkerheit i fastlegeordninga, og elles i allmennlegetenesta i kommunane. SKIL og NOKLUS er relevante aktørar som begge er delvis finansiert over statsbudsjettet. Formålet med statleg finansiering av SKIL og NOKLUS er å heve kvaliteten på tenestene i kommunane, og å støtte opp under krav i forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring.