Nettundervisning for helseverksemder med ein-til-ein pasientkontakt
Nettundervininga handlar om nytt koronavirus og covid-19, og korleis dette bør handterast i helseverksemder med ein-til-ein pasientkontakt. Tidspunkt er måndag 20. april klokka 14.00-15.30, og undervisninga blir tilgjengeleg i etterkant.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det er Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet som held undervisninga, og den blir tilgjengeleg på Folkehelseinstituttet si heimeside i etterkant.
Nettundervisninga er gratis og krev inga påmelding. Tykk på lenka under. Dersom du ikkje har Teams-programmet på datamaskina, kan du berre velje «Se på nettet i stedet». Deretter kryssar du av for at du ønsker å delta anonymt.
Trykk her for å delta i undervisninga.
Tema:
- Introduksjon med litt om utbrotet av covid-19
- Om nytt koronavirus og covid-19
- Korleis blir smitte spreidd?
- Tiltak for å hindre smittespreiing i ein-til-ein-helseverksemder
- Juridiske aspekt
Det vil bli høve til å stille spørsmål undervegs i undervisninga. Desse blir svart ut i etterkant av undervisinga. Det er sett av ca 30 minutt til spørsmål. Spørsmål kan du sille undervegs i møtet via chat-funksjonen, eller sende inn på førehand til she-konferanse@fhi.no.
Undervisninga vil vere generell og ikkje fagspesifikk, sidan helseverksemder som driv med ein-til-ein pasientbehandling omfattar mange ulike typar helsetenester.