Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta
Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta er eit sentralt verkemiddel for styrka leiarskap i kommunale helse- og omsorgstenester. Søknadsfrist er 15. april 2020.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Utdanninga er eit samarbeid mellom KS og Helsedirektoratet, og det er eit samlingsbasert masterprogram som gir 30 studiepoeng.
Den rettar seg primært til leiarar i helse- og omsorgstenesta i kommunar og tannhelsetenesta i fylkeskommunar. Dette omfattar til dømes leiarar i psykisk helsearbeid og rusarbeid, kommunale institusjonar og sjukeheimar, heimebaserte omsorgstenester, helsestasjons- og skulehelsetenesta, habiliterings- og rehabiliteringstenesta, og mellom anna overtannlegar og klinikkleiarar i offentleg tannhelseteneste.
Frå hausten 2020 vil det bli høve å søkje oppstart i ny klasse ved BI Stavanger. I tillegg blir det høve til å søkje til ein av dei tre klassene som startar hausten 2020 ved BI i Oslo.
Søknadsfrist er 15. april 2020.
Meir informasjon finn du i lenker og dokument i høgremargen.