Forsterka psykososial beredskap rundt jul og nyttår
Fylkesmannen tilrår at kommunane har informasjon om offentlege hjelpe-, behandlings- og støttetilbod, og tilbod frå ideelle og frivillige organisasjonar lett tilgjengeleg på sine heimesider.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Mange i samfunnet er på ulike måtar sårbare i møtet med koronapandemien. Høgare risiko for alvorleg sjukdom, negative effektar av smitteførebyggjande tiltak og auke i psykiske plagar relatert til pandemien er moglege effektar. Fylkesmannen tilrår kommunane om å gå saman med ideelle og frivillige organisasjonar om å halde dørene opne og forsterke tiltaka i jula.
Helsedirektoratet har ein kampanje om at det finst hjelp, og vil oppfordre om å finne informasjon på kommunen sine heimesider. Det er laga korte filmar som skal minne folk på å ta kontakt, og relevant innhald om å ta vare på seg sjølv og andre finn du på helsenorge.no.
Sjølvhjelpsverktøy som er tilpassa koronapandemien kan også gjerast kjent på heimesidene: digitalt sjølvhjelpsprogram co-mestring.no og assistertselvhjelp.no/korona
Koronarettleiaren er oppdatert med eige kapittel om tiltak for å motverke sosial isolering under pandemien, og Helsedirektoratet har tydeleggjort regelverket i covid-19-forskrifta slik at frivillige organisasjonar lettare kan avgjere kva aktivitetar som kan haldast i gang. Vi minner også om nettressursen psykososialberedskap.no.
Les meir i brevet frå Helsedirektoratet om kva kommunane bør synleggjere på sine heimesider.