Fleire klagar på medisineringsvedtak i psykisk helsevern
Talet på klager på medisineringsvedtak i psykiatrien aukar. I 2024 hadde vi 65 prosent fleire saker enn i 2020. Arbeidet er høgt prioritert hos oss.
I hovudsak handlar klagene om vedtak om antipsykotisk behandling mot pasienten sin vilje. I 3,3 prosent av sakene fekk klagar medhald, og i 4,5 prosent av sakene vart vedtaket omgjort.
Ved ei lovendring i 2017 vart det stilt strengare krav til slike medisineringsvedtak. Samstundes fekk pasientar tilskot til fri rettshjelp for klaga, og kan difor få dekt inntil fem timar advokathjelp gjennom ordninga.
Det er spesielt gjennom dei siste par åra at talet på klager har gått opp. Medverkande faktorar til dette kan vere merksemd i samfunnet om tvang og makt, at helsetenestene er blitt betre til å gjere vedtak når dei nyttar tvang og til å informere pasientar om retten til å klage. Det er ønskjeleg at Statsforvaltaren kan overprøve tvang, når den vert brukt, for å sikre rett bruk av slike særs inngripande tiltak.
Moglege utfall av klagebehandlinga
Klagaren kan få medhald dersom dei juridiske vilkåra for tvangsmedisinering ikkje er oppfylte, eller viss vi kjem til at fordelane med medisineringa ikkje er store nok til å vege opp for ulempene ved medisinering utan samtykke. Vi gjer om vedtaka i dei tilfella der ein del av vedtaket kan gjennomførast, men ikkje heile vedtaket. Dette kan til dømes vere at pasienten kan få legemiddelet i korttidsverkande former, men ikkje som depotinjeksjonar.
Vi har over tid kommunisert ut til tenestene kva som er krava i lova, kva som gjev grunn til unntaksbestemmingar og kva som er dei hyppigaste manglane i vedtaka frå tenestene. Dei fleste vedtaka er no godt grunngjevne, som er hovudårsaken til at få pasientar får medhald i klagen.
Arbeid med tvangsmedisineringsklager er høgt prioritert
Utfallet av klagen er viktig både for pasienten som klagar, pårørande og helsetenestene som er ansvarlege for behandlinga. Gjennomsnittleg sakshandsamingstid har gått opp frå 4,4 dagar i 2021 til 6,6 dagar i 2024. Årsaka til lengre sakshandsamingstid hos oss er det store talet på klager, og at vi har færre sakshandsamarar til å behandle sakene enn tidlegare. Vi bruker meir tid på desse sakene no enn før og det er eit av våre høgast prioriterte arbeidsområde.
Behandling av klager på vedtak om tvangsmedisinering
Vi får klagen etter at den først er behandla av vedtaksansvarleg (førsteinstansbehandling). Etter saka er kommen til oss, går vi gjennom dokumentasjonen og tilbyr samtale med klagaren. Deretter vurderer vi om vilkåra i lova er oppfylt og gjer ei sjølvstendig og heilskapleg vurdering av saka.
Vi har i hovudsak telefonsamtaler med den som klagar. Tidlegare trefte vi klagarane til fysisk samtale. Vi har inntrykk av at det hadde vore meir føremålstenleg å ha videosamtale med den som klagar, men det har vore utfordrande å få lagt godt til rette for videosamtalar ute i tenestene. Vi vil gå i dialog med tenestene for å oppmode dei til å legge betre til rette for dette.
Tidsbruk og forseinking
Det tek ofte lengre tid å få avgjort klagen enn dei dagane vi bruker på vår saksbehandling. Det handlar i stor grad om at klagarar nyttar advokathjelpa dei har tilbod om. Vi opplever at mange ser på advokaten som ei støtte i klageprosessen. Ved involvering av eit ekstra ledd i klagebehandlinga, tek det likevel lenger tid før saka kjem til oss for behandling. Dei fleste advokatar er effektive. Det er likevel viktig å minne om at det er forventa at alle partar utfører si del av sakshandsaminga «utan unødig opphald», og at pasienten sjølv får vere med å bestemme korleis advokaten skal delta i klageprosessen, ifølgje retningslinene.