Vi har ingen å miste
Med handlingsplanen for førebygging av sjølvmord innfører regjeringa ein nullvisjon for sjølvmord i Norge.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 23.09.2020
Dei siste åra har mellom 500 og 600 menneske tatt sitt eige liv kvart år. Sjølvmord er eit folkehelseproblem og eit stort samfunnsproblem som rammar mange. Nullvisjonen skal gjelde for heile samfunnet, og bidra til at det blir arbeidd meir kunnskapsbasert og systematisk for å redusere talet på sjølvmord.
I handlingsplanen er seks mål sett opp med tilhøyrande tiltak.
- Systematikk og heilskap i sjølvmordsførebyggande arbeid
- Trygg kommunikasjon om sjølvmord
- Avgrensa tilgang til metode for sjølvmord
- God hjelp og gode behandlingsforløp for mennesker i sjølvmordsrisiko
- Umiddelbar og langvarig oppfølging av etterlatte etter sjølvmord
- Betre førekomsttal, auka forsking, kunnskap og kompetanse om sjølvmordsførebygging
Her kan du lese heile handlingsplanen «Ingen å miste».