Klimaendringar er tema for folkehelseprofilane 2025
Folkehelseprofilane for fylker, kommunar og bydelar er publisert.
Publisert 09.04.2025
Verdas helseorganisasjon (WHO) har definert klimaendringane som den største helsetrusselen globalt i hundreåret vårt. Saman med sosiale helseskilnader og demografiske endringar, vil klimaendringane ha mykje å seie for arbeidet med folkehelse framover.
Dette er tema for folkehelseprofilane for fylker, kommunar og bydelar, som er publisert. Du finn dei på heimesida til Helsedirektoratet: Folkehelsestatistikk og profiler - Helsedirektoratet