Her finn du hjelp til å endre helsevanar og livsstil
Helsedirektoratet har utarbeidd ei rekke kvardagsråd, appar og verktøy for endring av helsevanar og livsstil.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Å endre livsstil og lykkast med sunne kvardagsvanar kan vere krevjande. «Bare du… kan si ja til endringer», er ei av temasidene til helsenorge.no, der ein finn ei samling av verktøy utarbeidd av Helsedirektoratet for å gjere det enklare å komme i gang.
På nettstaden finn du verktøy for å bli sterkare psykisk, få eit betre kosthald, test av alkoholvanar og gode råd for betre søvn. Det er også utvikla eigne appar for endring av livsstil, røykeslutt og for å komme i gang med litt meir bevegelse i kvardagen.
Les meir om hjelp til å endre helsevanar og livsstil på helsenorge.no.