Helsa varierer mykje mellom innvandringsgrupper
Samanhengen mellom innvandring og helse er svært samansett. Det viser ein ny rapport utarbeidd av Folkehelseinstituttet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Funna i rapporten viser mellom anna at det er store forskjellar mellom grupper med ulik landbakgrunn, og mellom kvinner og menn. Mange innvandrarar som hadde redusert helse opplevde dette tidlegare i livet enn personar elles i befolkninga.
Rapporten, som er skrive på bestilling av Helsedirektoratet, er basert på tal frå Statistisk sentralbyrå si levekårsundersøking blant innvandrarar i 2016. Undersøkinga omfatta 4.339 innvandrarar frå tolv ulike land, som hadde budd i Noreg i minst to år. Små innvandrargrupper og innvandrarar med vestleg bakgrunn var ikkje inkludert i undersøkinga.
Her kan du lese heile rapporten «Helse blant innvandrere i Norge. Levekårsundersøkelse blant innvandrere 2016».