Forskrift om helse og miljø i skular, barnehagar og skulefritidsordningar
Forskrifta har som mål å bidra til at miljøet i barnehagar, skular, skulefritidsordningar og ordningar for leksehjelp fremmer barn og elevar si helse, trivsel, leik og læring. Den skal i tillegg førebyggje sjukdom, skade og alvorlege hendingar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Forskrifta skal sikre at omsynet til barn og elevar blir vareteke allereie ved planlegging av nye barnehagar og skular, ved vesentlege endringar av eksisterande barnehagar og skular, og ved den daglege drifta.
Forskrifta gjeld frå 1. juli 2023 og erstattar forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular.
Det som er nytt med forskrifta er følgjande:
- Forskrifta skal i hovudsak regulere det fysiske miljøet. Opplæringslova og barnehagelova skal i hovudsak regulere det psykososiale miljøet.
- Skulefritidsordningar og leksehjelp blir omfatta av verkeområdet til forskrifta.
- Det er tydelegare ansvarsplassering hos eigaren til verksemda.
- Det er justeringar i dagens konkrete krav til fysisk miljø.
- Ved avvik frå faglege normer må verksemda kunne dokumentere at miljøet er forsvarleg.
- Verksemda bør følgje faglege anbefalingar om spisetid i barnehagar og skular.
- Endring i utforming av krav til internkontroll, utforma etter modell av internkontrollføresegna i ny kommunelov § 25-1.
- Ny føresegn om krav til oppdatert og langsiktig vedlikehaldsplan.
- Godkjenningsføresegn er justert.
- Det er kome ny føresegn om kommunens oppfølging av førespurnader om det fysiske miljøet.
- Det er kome tydelegare informasjonsplikt for verksemdene, for å sikre at barn, elevar og foreldre har tilstrekkeleg informasjon både om dei fysiske forholda ved barnehagen eller skulen og om kva moglegheiter dei har etter regelverket.
Rettleiar til forskrifta har vore på høyring i haust og den er forventa ferdig behandla 1. mars 2024. Sjå meir om høyringa, og sjølve rettleiaren, på heimesida til Helsedirektoratet.
Miljø- og helsedag 2023
Den nye forskrifta blir tema på miljø- og helsedag 30. november, som blir arrangert av Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. Du kan delta fysisk eller digitalt, og det blir gjort opptak av innlegga som blir publisert på heimesida til Helsedirektoratet. Påmeldingsfrist er 22. november.
Tema på konferansen blir
- regelverk, ansvar og roller, mellom anna ny forskrift om helse og miljø i barnehagar, skular og SFO
- samanhengen mellom fysisk arbeidsmiljø og barn og elevars helse, trivsel, leik og læring
- korleis skape eit godt fysisk arbeidsmiljø for barn og elevar?
Meir informasjon, program og påmelding finn du på heimesida til Helsedirektoratet.