Fleire manglar den raude tråden i folkehelsearbeidet
Tilsynet om det systematiske folkehelsearbeidet i Vestland viser at mange kommunar har merksemd på barn og unge si psykiske helse, men at det manglar ein del i det systematiske arbeidet.
I 2024 har statsforvaltarane ført tilsyn med kommunane sitt systematiske folkehelsearbeid for å fremje barn og unges psykiske helse.
Den nasjonale rapporten frå det landsomfattande tilsynet viser at det er rom for forbetring. Mange manglar ein raud tråd i arbeidet, trass i stor merksemd på temaet. Du kan lese den nasjonale rapporten hos Statens helsetilsyn: Mangler en rød tråd i arbeidet med barn og unges psykiske helse | Helsetilsynet
Funn frå Vestland
I tilsynet har alle 43 kommunane i Vestland svara på ei kartlegging. I tillegg besøkte vi tre kommunar for djupneintervju. Vi hadde også samtalar med barn og unge i desse kommunane.
Djupneintervjua avdekte at kommunane ikkje hadde alle delane på plass i det systematiske folkehelsearbeidet. Vi møtte engasjerte ungdomsråd i kommunane, og fekk inntrykk av at barn og unge kjenner at dei blir høyrt og teke med på råd i saker som gjeld dei.
Alle rapportane frå tilsynet kan du lese på heimesida til Statens helsetilsyn: Folkehelsearbeidet til kommunen for å fremje god psykisk helse hos barn og unge | Helsetilsynet
I tilsynet har vi undersøkt om kommunen har ei oppdatert oversikt over helsetilstanden til barn og unge. Vidare har vi undersøkt om kommunen bruker denne kunnskapen i planarbeidet sitt og om dette blir følgt opp med relevante tiltak, og evaluert.
Systematisk folkehelsearbeid startar med ei god oversikt
I kartlegginga våren 2024 svarte 41 kommunar at dei har utarbeidd folkehelseoversikt, og 42 kommunar har identifisert faktorar knytt til barn og unges oppvekst- og levekårsforhold som kan påverke deira psykiske helse. Dei tre viktigaste identifiserte faktorane blant kommunane i Vestland er:
- utanforskap og einsemd
- psykososialt skulemiljø
- sosial ulikskap
Kommuneoverlegen var med å utarbeide folkehelseoversikt i 34 kommunar. Sektorar som elles er med å utarbeide folkehelseoversikta er (talet kommunar som har hakar av for dette i parentes): Helse (39), fritid/kultur (33) kommune- eller byplanleggjar (32), skule (32), barnehage (31), sosiale tenester i Arbeids- og velferdsforvaltninga (Nav) (23).
Forankring i planverk og tiltak
Nesten alle kommunane drøftar barn og unges oppvekst- og levekårsforhold i kommunens planar etter plan- og bygningslova. Nesten alle har også fastsett overordna mål og strategiar i planane som er eigna til å møte hovudutfordringane knytt til barn og unges psykiske helse. Ikkje alle byggjer tiltaka på hovudutfordringane som er identifisert i oversiktsdokumentet til kommunen.
Over halvparten av kommunane svarar at dei let barn og unge medverke eller vere involvert i planarbeid gjennom barne- og ungdomsråd eller ungdommens bystyre. Andre fora er opne høyringar, samtalar med skuleklasser, elevråd, gjestebod og anna.
Halvparten av kommunane evaluerer
Halvparten av kommunane i Vestland evaluerer det systematiske folkehelsearbeidet sitt. 39 kommunar nyttar indikatorar for å følgje med på barn og unges psykiske helse. Berre 14 kommunar har internkontroll med folkehelsearbeidet for å sikre at kommunen følgjer føresegnene i §§ 5, 6 og 7 i folkehelselova i praksis.
Spørsmål til diskusjon internt i kommunane
I tilsynet har vi oppmoda kommunane om å sette seg saman tverrsektorielt og tverrfagleg for å svare på kartlegginga, og i møter med oss i tilsynet. Tilsynet er no avslutta frå Statsforvaltaren si side, men vi oppmodar kommunane om å diskutere følgjande spørsmål internt:
- Helsetilsynet peikar spesielt på punkta under som viktige føresetnader for eit godt folkehelsearbeid i kommunane. Har vi dette på plass i vår kommune? Korleis kan vi forbetre oss?
- Tydeleg struktur og organisering av folkehelsearbeidet
- Tverrfagleg og tverrsektoriell deltaking i folkehelsearbeidet
- Folkehelsearbeidet er forankra i leiinga
- Avsett nødvendige ressursar til arbeidet
- Tydeleg raud tråd
- Kva skal til for å vi skal jobbe betre og meir treffsikkert med folkehelsearbeidet retta mot barn og unges psykiske helse?