Vi har tildelt ekstra tilskot til utviklingsprosjekta i Nav-kontora

Våren 2024 tildelte Statsforvaltaren tilskot til 31 stillingar i 20 utviklingsprosjekt om sosiale tenester. No har prosjekta fått 100 000 kroner meir i tilskot per stilling.

Publisert 18.12.2024

Arbeids- og velferdsdirektoratet har auka beløpet med tilskot per stilling med verknad frå 2024, og dette gjeld for alle prosjekt uavhengig av storleik på tildelinga dei har fått. Pengane skal gå til lønn og sosiale utgifter.

Vi har på grunn av dette tildelt 3,1 millionar kroner i ekstra tilskot i 2024. Sjå tabellen med informasjon om total tildeling per prosjekt under «Dokument».

Les meir om tildelinga våren 2024 i denne artikkelen: Utvikling og forbetring av dei sosiale tenestene i Nav-kontora | Statsforvaltaren i Vestland

Som følgje av at beløpet per stilling er justert opp kjem det ikkje til å bli tildelt kompetansemidlar til prosjekta i 2025.  

Sjølv om den totale ramma for tilskotet har auka, er det færre midlar til nye stillingar og tiltak i 2025 enn det var i 2024. Dette gjeld også i Vestland fylke.

Utlysinga av neste års tilskot finn du her: Tilskot til utvikling av sosiale tenester i Nav 2025 | Statsforvaltaren i Vestland. Ta gjerne kontakt viss du har spørsmål.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.