«Tverrfagleg ungdomslos»

Det sosialfaglege prosjektet ved Nav Øygarden går mot slutten, og vi vil i denne nettsaka fortelje litt om prosjektperioden deira.

Publisert 07.04.2025

Nav Øygarden starta prosjektet i 2021. Dei identifiserte eit behov for å utvikle ei ny rolle i ungdomstenesta i kommunen og i Nav-kontoret. Målet var å skape eit systematisk tverrfagleg samarbeid for ungdom som treng heilskaplege og koordinerte tenester.

Utvikling av ei ny rolle

Ungdomstenesta i kommunen var i etableringsfasen når prosjektet starta opp. Ungdomstenesta består av tilsette frå rus og psykisk helse, barne- og ungdomstenesta, barnevern og Nav. Nav søkte om midlar til prosjekt fordi ein såg at fleire ungdommar hadde behov for individuell oppfølging og hjelp til å navigere mellom ulike tenester i kommunen. Rolla som ungdomslos vart utvikla gjennom ungdomstenesta, med Nav-kontoret som leiar for prosjektet.

Det tek tid å definere og utvikle ei ny rolle, og det kan vere krevjande å gjere dette i lag og på tvers av tenesteområde. Det gjeld å definere rolla internt først, og heretter formidle tydeleg kva ein skal jobbe med (og ikkje) slik at andre i tenestene veit kva dei kan forvente. Ein må ha merksemd på å tidleg avklare kven som skal gjere kva, og eventuelt om ein skal kople på andre, slik at det er tydelege forventningar og rammer for samarbeidet.

Ingrid har vore tilsett som ungdomslos frå prosjektstart og jobbar med ungdom mellom 16 og 23 år. Ho hjelper dei som treng tett og koordinert oppfølging i sårbare overgangar og sikrar at unge får dei tenestene dei har rett på i tide. Ho jobbar også med å forebygge at unge droppar ut av skule. Dette skjer gjennom systematisk tverrfagleg arbeid og sosialfagleg oppfølging – kva den enkelte treng skapar rammer for oppfølginga.

Relasjon og tillit tek tid – også i tverrfagleg samarbeid

Det er ikkje alltid slik at ulike system pratar saman på tvers. Skulen kan til dømes ha mykje viktig informasjon om ein ungdom som treng hjelp, og ungdommen kan komme til Nav utan at Nav har denne informasjonen. Gjennom systematisk tverrfagleg arbeid (som til dømes ungdomstenesta i Øygarden) vert det raskare og meir smidig informasjonsutveksling og betre samarbeid kring den unge. Ein kjenner kvarandre frå før og har relasjon og tillit til kvarandre – og ein får ikkje minst betre kjennskap til andre tenester i kommunen.  

Det kan likevel vere vanskeleg å få til god samhandling på tvers. Ein må vere uthalden og tolmodig med kvarandre, må søkje å forstå korleis andre forstår seg sjølv, og ein må vere utforskande.

Implementering

Ein suksessfaktor i arbeidet med dette prosjektet har vore at stillinga ungdomslos ikkje berre har vore i Nav, men at den heilt frå starten har vore ein del av ungdomstenesta. Ungdomslos-rolla er kjent hjå andre tenester, desse og Nav har vore med å utvikle rolla og har sett kor viktig den er i kommunen.

Ingrid driv førebyggjande arbeid, eit arbeid som ikkje er målbart med tal. Næraste leiar til Ingrid fortel at dei ikkje har vore opptekne av tal for å vurdere verknaden av prosjektet. Dei har i staden hatt fullt fokus på å følgje opp ungdommane, og sparer heller på dei gode enkelthistoriene som fortel korleis dei jobbar. Dei har heile vegen vore trygge på at Ingrid gjer ein kjempegod jobb som ungdomslos, noko leiaren har framsnakka undervegs. Implementering starta frå prosjektstart både i kommunen og i Nav-kontoret.

I samband med implementering vart det snakka mykje i avdelinga i Nav om korleis Ingrid jobbar, og kva for ressurs ungdomslosen var for avdelinga. Når implementeringa skulle vurderast, stilte dei seg spørsmålet: har vi råd til det? Svaret vart då, sjølv med få midlar i kommunen, at dette var noko dei måtte ta seg råd til. Det var ikkje vanskeleg å få dei andre rettleiarane i Nav med på at Ingrid skulle halde fram i stillinga som ungdomslos. Heile avdelinga støtta avgjerda, sjølv om det betyr omfordeling av oppgåver. Ingrid er ein ressurs på kontoret og har tileigna seg mykje kunnskap frå andre fagfelt som kjem alle i Nav-kontoret til nytte. Vidare kjem fleire av dei unge Ingrid har hjelpt kanskje aldri til å oppsøkje Nav-kontoret fordi det ikkje trengs sidan dei fekk hjelpa dei trengte for å nå måla sine – i tide.

Vi ønskjer Nav Øygarden og Øygarden kommune lukke til vidare med dette viktige utviklingsarbeidet, og med utvikling av systematisk tverrfagleg arbeid.

Viss du jobbar i Nav kan du lese nettsak om prosjektet på Navet under erfaringsbasen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.