Trivselsvaktmeister i bustadsosialt arbeid

Prosjektet «Trivselsvaktmeister i tverrfagleg team» ved Nav Kvam har hatt tilskot frå ordninga med tilskot til utvikling av sosiale tenester i Nav. I denne saka kan du lese litt om prosjektet.

Publisert 19.03.2025

Nav Kvam starta prosjektet i januar 2022. Målet var å skape ein systematisk struktur for det bustadsosiale arbeidet i kommunen og å jobbe med fagutvikling på det bustadsosiale området der tenestemottakarens perspektiv skulle leggjast vekt på. Dei ville mellom anna oppnå betre bu-kvalitet for vanskelegstilte på bustadmarknaden og sikre rett bustad til rett person.

Systematisk tverrfagleg arbeid

Utgangspunktet for prosjektet var at kommunen på dette området hadde «mange ballar i lufta» som dei ulike instansane ikkje alltid tok eigarskap til. Bustadsosialt arbeid er komplekst og kan ikkje løysast sektorvis, men i lag. Kommunen såg behov for fagutvikling mellom anna fordi dei såg at ting ofte vart løyst «ad hoc», og at det ikkje alltid var dei beste løysingane for kommunen eller personane det gjaldt.

Søknaden om prosjektmidlar vart forankra i kommuneleiinga på tvers av tenesteområde og det var felles motivasjon og eigarskap for utviklingsarbeidet. Då dei fekk innvilga prosjektmidlar, tok kommunen ein innsiktsrunde, og jobba tverrfagleg i prosessen. I denne fasen intervjua dei tilsette frå alle instansane i kommunen for å kartleggje behov. Dei jobba også med å avgrense prosjektet, noko som var til god hjelp for dei tilsette i prosjektet då dei starta. Dei tilsette nytta også prosjektsøknaden til rettleiing i startfasen.

Gjennom prosjektarbeidet har Kvam herad jobba både på system- og individnivå. På systemnivået har dei no strukturert samarbeidet på tvers av tenesteområde og finn løysingar som verkar på sikt for den enkelte. Tverrfaglege møte og eit fagfelt som tidlegare har vore lite snakka om, er blitt løfta fram og er blitt godt forankra.

Brukarperspektivet

Individnivået har vore ein viktig del av utviklingsarbeidet. Kvam herad har vore opptekne av at tenesta skulle basere seg på behovet til innbyggjarane.

Sara og Lena jobbar som trivselsvaktmeistrar og fortel at desse åra har vore lærerike. Tenesta dei gir rettar seg mot personar i kommunalt formidla bustader. Dei har, med stor tillit frå leiinga og stort handlingsrom, vore trygge i arbeidet med utvikling av prosjektet. Dei har utvikla ein måte å følgje opp personar som er vanskelegstilte på bustadmarknaden. Det kan vere personar som allereie bur i kommunen, men dei har også jobba med å busetje flyktningar. Dei gjennomfører årlege branntilsyn i bustaden. Dette har vore ein fin måte å få relasjon til dei som bur der. Lena og Sara har på denne måten også fått informasjon om kva personane treng for å bu godt og trygt ut i frå vedkommandes ønskjer. Dei har ved behov kopla andre tenester på og sikra at den enkelte får det hen treng av hjelp for å kunne bu godt.

Lena og Saras hjelp blir utforma ut frå kva den enkelte treng, og dei er ikkje redde for å utføre praktiske oppgåver. Dei kan mellom anna hjelpe med å gjere klar bustad til ein flyktningfamilie som kjem, rydde, sortere bos, gje råd og rettleiing om brannsikkerheit og anna praktisk informasjon om det å bu. Dei gjer det som trengs, og i samarbeid med den som bur i bustaden.

Sigrid-Karin Dolve er Nav-leiar og seier:

Sara og Lena har ei unik evne til å alltid ha med brukarperspektivet i arbeidet, og det er aldri tvil om at brukar er i fokus og vert behandla med respekt i alle avgjerder som blir tekne. Vurderingane, vala og drivkrafta til Lena og Sara er heilt unik. Dei gir seg ikkje før dei er trygge på at innbyggjaren med eit hjelpebehov får hjelp frå riktig instans.

Suksessfaktorar

Sara og Lena har vore tilsett i prosjektet frå oppstarten i januar 2022. Stabiliteten har vore viktig.

Forarbeidet og tydelege mål for arbeidet har også vore viktig, i tillegg til forankringa i heile kommunen allereie frå søknadsprosessen, altså frå før dei visste om søknaden vart innvilga. Heile kommunen hadde felles motivasjon og såg behov for utvikling av området.

Næraste leiar har følgt prosjektet tett, og leiaren og prosjektmedarbeidarane har jobba med forankring og involvering i heile kommunen.

Kvam herad har også fått ein tilsett som jobbar som bustadkoordinator, med meir administrative oppgåver. Saman med den meir praktiske bustadoppfølginga, fungerer dette svært bra.

Vi kan sjå at andre kommunar i Vestland vert inspirerte av Kvam sin måte å jobbe på, og har mellom anna fått fleire søknadar om tilskot til prosjekt som er inspirert av dette utviklingsarbeidet.

Kvam herad har valt å vidareføre arbeidet etter prosjektperioden, og Sara og Lena er no fast tilsette som trivselsvaktmeistrar. Rolla er ikkje ferdig utvikla, og kommunen jobbar no med ein arbeidsinstruks, der dei utarbeider ei oversikt over kva stillinga inneheld.

Vi gleder oss til å høyre om vegen vidare, og takkar for det gode samarbeidet under prosjektperioden. Lukke til.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.