«Tidleg intervensjon i skulen (TIS)»
Vi kan gje statleg tilskot til treårige prosjekt for å utvikle dei sosiale tenestene ved Nav-kontora. Frå 2021 til 2024 har Nav Bergen nord hatt tilskot til prosjektet «TIS», og her kan du få litt informasjon om prosjektet.
Nav Bergen nord er den bydelen i Bergen som har høgast tal av unge uføre. Nav-kontoret såg at det var behov for førebyggjande arbeid tidleg - allereie i skulen. Halvparten av dei som droppar ut av skulen, ender opp med å søkje sosialhjelp og 28 prosent av desse står i fare for å bli unge uføre.
Kva er konsekvensen av utanforskap?
Når ein ungdom droppar ut av skulen er det fare for at personen kjem i eit langvarig utanforskap. Det er fare for einsemd, fattigdom, psykisk uhelse med meir. Dette kostar mykje for den enkelte og for samfunnet. Det at hjelpeapparatet kjem tidleg i kontakt med ungdommane er avgjerande for å kunne hindre utanforskap. Det kan gjere det enklare å komme i posisjon til å hjelpe ungdommen.
Prosjektet viser i sluttrapporten sin til ein rapport frå NORCE om unge som står utanfor arbeid. Der går det fram at dei som avbryter utdanningsløp ofte står overfor utfordringar som psykisk uhelse og feilval av studieretning, og dei ønskjer å jobbe og tene pengar. Sosioøkonomiske forhold og problem med psykisk helse er dei viktigaste årsakene til at ungdom vel å avslutte skulegang. Prosjektet stadfestar at dette også er tilfelle hjå mange av dei unge dei har møtt. Ungdommane treng ofte støtte og hjelp frå ein trygg vaksen i denne prosessen.
Målgruppa i «TIS» har vore ungdommar mellom 16 og 29 år som står i fare for å avbryte utdanningsløpet sitt, allereie har avbrote det eller som aldri har starta i vidaregåande skule. Dei har hatt tett samarbeid med skulane og sentrale aktørar i kommunen og bydelen, og dei har erfart at tverrfagleg samarbeid ofte trengs for målgruppa.
Fokus i prosjektet har vore å motverke utanforskap gjennom tidleg intervensjon. Dei har erfart at aldersgrensa gjerne kunne vore 14 eller 15 år i staden for 16 år. Det er heilt nødvendig å komme inn tidleg, for eksempel før eleven skal velje linje på vidaregåande skule. Dei har erfart at fleire kanskje tek «feil» val og difor droppar ut fordi studieretninga ikkje passa for dei. Dette kan ifølgje prosjektmedarbeidaren førebyggast. Det er nødvendig at den enkelte veit kva moglegheiter utdanninga dei har valt gir og kva det inneberer å gå på utdanninga. Fleire unge prosjektet har møtt har kanskje berre valt det same som ei venn. Gjennom oppfølging i prosjektet har ein identifisert at ei anna linje passar betre og at det eigentleg var noko anna personen ville med livet sitt.
Prosjektet vart ein suksess, kvifor?
TIS-prosjektet har utvikla metodar, og nytta kompetanse og kunnskap, som gjer ungdommar i stand til å ta sjølvstendige val. Dei har vore opptekne av at prosjektet er eit supplement med full merksemd på karriererettleiing, og dei har hatt mindre fokus på at dei er frå Nav. Det har vore viktig å få eleven til sjølv å reflektere over eigen situasjon og over korleis vala dei tek vil påverke framtida deira.
Prosjektet har erfart at ikkje alle heilt forstår kva karriererettleiing betyr. Karriererettleiing er ikkje berre å informere om studielinjer eller jobbmoglegheiter, men er ein holistisk metode. Omgrepet omfattar både livsmeistring, helse, økonomi, bustad med meir, i tillegg til utdanning og karriere. Alt heng saman og ein må ofte reflektere rundt alt dette for at dei unge skal nå måla sine og bli sjølvstendige.
Vidare har «vakleprosessen» vore ein integrert del av prosjektet. Dette handlar om å fange opp elevar som vaklar, og målet er at dei skal fortsetje utdanninga. Vakleomgrepet er ein metafor for usikkerheit hjå ungdommar, og kan for eksempel handle om å vakle mellom å avbryte utdanninga eller halde fram. Dette har vore nyttig kunnskap for prosjektet og gir innsikt i korleis elevar navigerer og handterer skulegangen. Prosjektmedarbeidarane fortel at det verkar som at vakleprosessen er lite kjent hjå Nav og anbefaler andre å lære meir om den.
Prosjektmedarbeidarane fortel også at dei har hatt god leiarstøtte i heile prosjektperioden og at dette har vore heilt nødvendig for å lukkast. Dette også med tanke på å få kontakt med andre i tenester i kommunen og skape eit system for samarbeid. Slikt må forankrast på toppen og er avhengig av leiarstøtte.
Prosjektet har berre «pirka i overflata», dei meiner det er potensiale for mykje meir. Prosjektet har svært gode resultat, har betydd forskjell for mange og tok for seg eit høgaktuelt samfunnsproblem og kom med ei eventuell løysing. Likevel er det ikkje sikkert dei får vidareføre prosjektet som eit ordinært tiltak i Nav-kontoret. Dei fortel at dei opplever dette som frustrerande, også for samarbeidspartane, men dei drøftar korleis delar av metodikken kan overførast til anna arbeid i Nav-kontoret.
Lukke til vidare
Statsforvaltaren takkar for det gode arbeidet prosjektet har gjort, ikkje minst for alle dei ungdommane som har vore i kontakt med prosjektet, og vi ønskjer lukke til vidare. Fråfall frå vidaregåande skule er eit samfunnsproblem, og for nokon kan det føre til varig utanforskap. Vi veit at landet vårt treng mykje arbeidskraft no og i framtida, det er difor viktig at unge ikkje fell utanfor, vi treng alle.
Dei unge som har vore del av dette prosjektet treng ofte tverrfaglege og koordinerte tenester, til rett tid. Det er viktig med system som er tilpassa dei unges behov slik at dei unge ikkje må tilpasse seg eit system som kanskje ikkje er tilpassa dei.