Jobbmilen

Vi har lyst til å fortelje litt meir om einskilde av utviklingsprosjekta for sosiale tenester ved Nav-kontora i Vestland, og først ute er Nav Bergenhus sitt prosjekt Jobbmilen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.07.2022

Jobbmilen starta opp eit stykke ut i 2019, og treårsperioden for statleg prosjekttilskot vert avslutta no i 2022.

Målgruppe og målsetting

Målgruppa for prosjektet har vore personar i alderen 18-30 år, som ikkje har hatt nytte av andre av Navs hjelpetiltak og som sto langt frå å komme i inntektsgjevande arbeid.

Målsettinga for arbeidet var å hjelpe brukarane ut av passivitet og inn i arbeid, eventuelt via utdanning eller arbeidstiltak. Dette kan vere ei formidabel oppgåve når vegen til arbeid er ei mil lang, slik prosjektnamnet viser til. Dette arbeidet skulle Jobbmilen gjere ved å vere tett på brukarane i alle fasar, og vere lettare tilgjengeleg for brukarane enn det som er vanleg på Nav.

Prosjektets opphavlege hovudmål var at deltakarane skulle bli uavhengig av hjelpeapparatet og forsørgje seg sjølv ved arbeidsinntekt. Undervegs justerte prosjektet hovudmål til førebygging og sosial inkludering, i tråd med føremålsparagrafen i sosialtenestelova.

Engasjement

Dei som arbeider i prosjektet er barnevernspedagogen Silje og sosionomen Ingeborg, og frå Nav-kontorets leiing er det avdelingsleiar Arne som har følgt opp prosjektet. Det dei har felles er eit stort engasjement for brukargruppa. Det å kome i posisjon til å hjelpe denne brukargruppa krev tolmod og systematikk, for dette er ei brukargruppe som Nav elles ikkje alltid kjem i kontakt med. Med tolmod og systematisk sosialt arbeid har dei møtt brukarane på deira premissar. Brukarane har fått styre kontakten og samarbeidet, når den enkelte brukar sjølv har vore klar for dette.

Brukarmedverknad

Brukarar som står langt frå arbeidslivet og som til vanleg gjerne går under radaren til Nav, har ikkje alltid særleg tillit til Nav. Dei kan ha fleire mislykka forsøk bak seg, og har ikkje nødvendigvis ønskje om kontakt med Nav. Dei vil i alle fall ikkje gå inn i enda eit mislykka tiltak, og gå på ein smell til. Mange i brukargruppa har lite sosialt nettverk, og dei er einsame. Ofte brukar dei tida si framfor ein skjerm heime på rommet, og har ikkje ønskje eller sjølvtryggleik til å møte andre på same alder, andre som har lukkast på skule og i arbeid.

Her er det Jobbmilen kan vise til resultat. Ikkje alle er komfortable med å møte opp på Nav-kontoret, og prosjektmedarbeidarane har difor møtt dei på andre arenaer, til dømes ved å gå på tur i lag med deltakarane. Det kjem mykje fram på turen. Dette har vore ein annan måte å bli kjent og å kartlegge behov.

Brukarane har fått den tida dei hadde behov for, og fekk ta initiativ når dei sjølv var klar til å gjere noko med eiga framtid.

Resultat

Årsrapportane (og sluttrapporten) til Jobbmilen fortel at mange av deltakarane har tatt steg i retning arbeid, aktivitet og utdanning, og nokre har fått avklart at ei folketrygdyting er rett for dei av helsemessige årsaker. Det viktigaste resultatet for Jobbmilen er kanskje likevel at deltakarane i prosjektet no er meir sosialt integrert i samfunnet enn det dei var.

Prosjektet har gjort erfaringar som er overførbare og nyttige for andre Nav-kontor. Dei har samla dei gode erfaringane i ein PowerPoint-presentasjonen som dei vil gjere tilgjengeleg både for eige Nav- kontor og for andre Nav-kontor. PowerPoint-presentasjonen vil også innehalde refleksjonsspørsmål som kan brukast av andre som jobbar med unge i Nav.

Les også nettsaka vår om om sosial inkludering.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.