Gjeldande inntektsgrenser og salærsats i 2024
Inntektsgrensa for einslege er kr. 350 000,- brutto per år og grensa for ektefellar og sambuarar er kr 540 000,-. Desse grensene har vore gjeldande sidan 1. januar 2023. Den offentlege salærsatsen auka frå kr. 1215,- til kr. 1265,- med verknad frå 1. juli 2024.
Statsforvaltaren tek stilling til om du har krav på fri rettshjelp. Fri rettshjelp betyr økonomisk støtte til advokat for å få løyst ei sak utanfor eller i domstolen. Det er berre i nokre sakstypar du kan få fri rettshjelp.
I mange av sakene må du ha ei inntekt som ligg under inntektsgrensene i rettshjelplova for å få fri rettshjelp. Frå 1. januar 2023 vart inntekts- og formuesgrensene heva.
Gjeldande grenser:
- Inntektsgrense einslege: kr. 350 000,- brutto per år
- Inntektsgrense ektefellar og sambuarar: kr. 540 000,- brutto per år
- Formuesgrense (netto): kr. 150 000.-
Du kan lese meir om fri rettshjelp på eigen nettstad.
Den offentlege salærsatsen auka frå kr. 1215,- til kr 1265,- med verknad frå 1. juli 2024. Dette betyr at saker som avsluttast frå 1. juli 2024 betalast med den nye salærsatsen på kr. 1265,-.
Du kan ta kontakt med Statsforvaltaren eller ein advokat dersom du vil vite meir om fri rettshjelp.