Kinn kommune får Leve hele livet-prisen 2020
Kinn kommune er eit døme til etterfølging fordi dei har brukarperspektivet med heile vegen, samtidig som dei har forankra reforma politisk, sa helse- og omsorgsminister Bent Høie.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Bent Høie delte ut prisen på Leve hele livet-konferansen, onsdag 18. november. Helse- og omsorgsdepartementet gav Kinn kommune prisen for det gode arbeidet dei har gjort gjennom langsiktig planarbeid, og kommunen og lokalsamfunnet sitt engasjement i å halde oppe aktive og meiningsfulle dagar for dei eldre.
Den nasjonale juryen framhevar at det er kvalitet over arbeidet til prisvinnaren. Dei sette raskt i verk tiltak då pandemien kom. I tillegg vert det lagt vekt på at Kinn kommune har ein langsiktig plan for korleis innbyggjarane deira skal oppleva gode og meiningsfulle dagar og at arbeidet er sterkt forankra i kommunen og lokalsamfunnet.
Utdelinga fann stad digitalt, og ordførar Ola Teigen i Kinn kommune fekk prisen overrekt av Fylkesmannen i Vestland, Lars Sponheim.
Kinn kommune viser imponerande aktivitet og mangfald. Kulturopplevingar; kunst, musikk og estetikk, er særleg vektlagt i arbeidet. Teigen takka dei kommunetilsette, dei eldre sjølve og heile lokalsamfunnet for stor innsats.
Her kan du lese meir om reformarbeidet i Kinn kommune, og presentasjonen Kinn heldt under konferansen finn du under «Dokument».
Grunngjevinga til juryen
Ein samla jury seier følgjande om Kinn kommune:
"Kommunen si strukturerte tilnærming til reformarbeidet har gjort dei godt rusta til å møta pandemien. Kommunen var raskt ute med å tilby samtaletilbod, ein telefon for praktisk hjelp, dei organiserte to-tre vesentlege møte mellom helse og frivilligheitssentral for å finna løysingar og dei sørgde for registrering av frivillige i kommunen. Engasjementet var stort. Dei fekk i gang ein musikkterapeut på det største eldresenteret for samtalar og miljøarbeid. Tiltaka som vart implementerte under pandemien har hittil bidratt til endringar i form av eit klart tydelegare samarbeid i kommunen, ei haldningsendring i organisasjonen når det gjeld miljøarbeid, fleire møteplassar for alle innbyggjarar – og ikkje minst eit auka engasjement for reforma."
Som ein del av kvalitetsreforma for eldre, Leve hele livet, vert det kvart år delt ut ein Leve hele livet-pris. 2020 blei eit annleis år på grunn av koronaviruset, og prisen har dette året lagt vekt på gode tiltak for å oppretthalde aktive og meiningsfulle dagar. Juryen har lagt vekt på at planlegging og iverksetjing av innovative tiltak for å sikre at seniorane får halde oppe aktiviteten sin og sosial kontakt i denne krevjande tida. Vidare har dei sett på om kommunane har identifisert og verdsett seniorressursar i lokalsamfunnet på nye måtar i ei krisetid der seniorbefolkninga har vore spesielt utsett.