Fellesskap og meistring – Bu trygt heime
Den nye stortingsmeldinga skal sørge for eit meir aldersvenleg samfunn, meir heilskap i eldrepolitikken, og betre helsehjelp til eldre i Noreg.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Reforma har fire satsingsområde:
- levande lokalsamfunn
- bustadtilpassing og -planlegging
- kompetente og myndiggjorte medarbeidarar
- tryggleik for brukarar og støtte til pårørande
Heile stortingsmeldinga kan du lese på regjeringa si heimeside.
Overordna mål
Reforma skal bidra til at eldre kan bu trygt heime, og at behovet for helse- og omsorgstenester blir utsett gjennom betre planlegging, styrkt førebygging og meir målretta tenester. Vidare å sikre betre bruk av personell og dei samla ressursane, og gjennom dette bidra til at alle som treng det får tilgang til gode og trygge tenester.
Tilhøyrande planar og arbeid
Bu trygt heime-reforma bygger mellom anna på erfaringar frå Leve heile livet-reforma og tilhøyrande planar og utviklingsarbeid som er i gang. Dette er Demensplan 2025, Kompetanseløft 2025, Vi – de pårørende (pårørandestrategien), Nasjonalt velferdsteknologiprogram, Handlingsplanen for universell utforming og programmet for et aldersvennlig Norge.Helsepersonellkommisjonenens rapport Tid for handling er også sentral.
Dei overordna rammene for helse- og omsorgspolitikken blir lagde gjennom Folkehelsemeldinga – som kom våren 2023, og gjennom Nasjonal helse- og samhandlingsplan og helseberedskapsmeldinga, som begge kjem i 2023.
Konferanse 4. - 5. oktober i Vestland
Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet i Vestland, planlegg konferanse 4.-5. oktober, der vi vil rette merksemda mot å sikre overgangen frå Leve heile livet til Bu trygt heime. Meir informasjon vil du finne i kurskalenderen vår: Leve heile livet og Bu trygt heime – vidareføring og saumlaus overgang