Tilsynsaktivitet på barnehage- og opplæringsområdet i 2023
Statsforvaltaren i Vestland har som oppgåve å føre tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit og kommunen som skuleeigar. I 2023 har vi gjennomført 33 tilsyn.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Føremålet med tilsyn er å bidra til at alle barn og elever lærer, meistrar og trivst i eit inkluderande fellesskap. Tilsyn skal bidra til at rettstryggleiken for barn og elever blir ivaretatt.
Statsforvaltaren vel kommune og tema for tilsyn på bakgrunn av ei risikovurdering. I 2023 har vi ført tilsyn med følgande tema:
- Skulemiljø
- Trygt og godt barnehagemiljø
- Lærarnorma
- Gjennomføring av spesialundervisning
- Forsvarleg sakshandsamingstid hjå PP-tenesta
- Utarbeiding av sakkunnige vurderingar
- Skuleskyss
- Organiseringa av oppgåvene kommunen har som barnehagemynde
- Opplæring i samisk
- Administrering av fagprøver
- Gratisprinsippet i skulen
- Finansiering av spesialundervisning i privatskular
- Differensiering av introduksjonsprogrammet og norskopplæring
- Alternativ opplæringsarena
Vi har funnet brot på regelverket i nesten alle tilsyna vi har gjennomført. I fleire av tilsyna har vi undersøkt om kommunedirektøren har tilfredsstillande internkontroll på tenesteområdet. Tilsyna viser at det ofte manglar ein internkontroll som er systematisk og tilpassa verksemda sine risikoforhold.
Når Statsforvaltaren finn at kommunen ikkje har ein lovleg praksis blir dei pålagde å endre denne praksisen. Alle tilsynsrapportane er offentlege og er tilgjengeleg i den nasjonale tilsynskalenderen.