Fylkeskommunen varetek ansvaret for å gjennomføre eksamen
Vi har ført tilsyn med fylkeskommunen sitt ansvar for gjennomføring av eksamen. I tilsynet har vi funne at fylkeskommunen har ein praksis som er i tråd med krava i regelverket
Bakgrunnen for tilsynet
Eksamensgjennomføringa våren 2023 var prega av fleire feil og avvik i heile landet. Dette førte til at fleire eksamenar måtte annullerast. Utdanningsdirektoratet gav difor alle Statsforvaltarembete i Noreg oppdrag om å føre tilsyn med fylkeskommunane sin praksis på dette området.
Om regelverket
Fylkeskommunen har ansvar for å gjennomføre alle eksamenar ved offentlege og private vidaregåande skular i fylket. Fylkeskommunen må ha ein internkontroll som sikrar at skulane melder opp elevar til eksamen i tråd med regelverket, at kandidatane får tilgang til nødvendige hjelpemiddel og at dei får nødvendige tilpassingar under eksamensgjennomføringa.
Våre funn
Vi har funne at fylkeskommunen har ein praksis som er i tråd med regelverket. Fylkeskommunen har, på bakgrunn av grundige risikovurderingar, vurdert kva tiltak som er nødvendige for å sikre ein gjennomføring av eksamen i tråd med regelverket. Vi har funne at internkontrollen er systematisk og tilpassa verksemda sin storleik, eigenart, aktivitetar og risikoforhold.