Ein trygg og god digital kvardag når skulane er stengde
Stengde skular gjer at barna i stor grad berre er sosiale på nett. Nokre elevar opplever digital mobbing og utestenging i spel og sosiale medium.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Nokre elevar kan føle seg einsame når opplæringa skjer heime. Fellesskap er eit grunnleggande behov, og viktig for barn og unges utvikling, læring og trivsel. Utdanningsdirektoratet gir på sine nettsider råd om korleis skulane kan styrke elevane si kjensle av fellesskap og viser då til at læraren kan ha videomøte med heile klassen. Læraren kan også lage små filmar som dei kan dele med elevane. Det er positivt at lærar deltek i diskusjonar og svarer på spørsmål online. Elevane kan samarbeide gjennom å ringe kvarandre eller chatte i grupper. For eldre elevar er det også aktuelt med meir avanserte digitale gruppearbeid. Forsøk å møtes regelmessig i større eller mindre grupper på tilgjengelege plattformer. Det er viktig at det er lærarane som sett samen grupper, og passer på at alle elevane er med i ei gruppe.
Undervisning for å forebygge digital mobbing og utestenging
Undervisning om temaet kan gje elevane eit godt utgangspunkt for å ta dei rette vala når dei er sosiale på nettet. Det er viktig med ei felles forståing blant medelevar om kva som er greitt og kva som ikkje er det. Elevane må lære kva som skjer med nokon som blir utestengt eller mobba, og kva dei saman kan gjere for å stanse det.
Dubestemmer.no er en nettressurs om personvern, nettvett og digital dømmekraft. Her finn ein mellom anna filmar, fagtekstar og diskusjonsoppgåver. Du bestemmer er eit samarbeidsprosjekt mellom Utdanningsdirektoratet og Datatilsynet.
Medietilsynet har også rettleiings- og undervisningsressursar på sine nettsider.
Barnevakten har på sine heimesider samla fleire læringsressursar om temaet. Barnevakten er ein sjølvstendig ideell stiftelse som formidlar fakta og råd om barn, unge og media.
Kommunikasjon med elevar og føresette
Skulen må i sin kommunikasjon med heimen oppmode dei føresette til å vere tett på og vise interesse for kva elevane gjer på nett. Det gjeld ikkje berre skulearbeidet, men også det som går føre seg på sosiale medium og i spel der elevevane kommuniserer med kvarandre på nett. Elevar som er vane med å snakke med dei vaksne om den digitale kvardagen sin har lettare for å gje beskjed dersom dei opplever noko som ikkje er greitt. Dei føresette må kontakte skulen dersom elevane opplever digital mobbing og utestenging.
Dei elevane som er sårbare i ein vanleg kvardag er ekstra sårbare no. Lærarane kan ta kontakt direkte med dei elevane som kan ha det spesielt vanskeleg. Dei sårbare elevane treng å vite at dei vaksne på skulen bryr seg om korleis dei har det.
Kontaktpersoner
-
Anne Hjermann
Tlf: 55 57 22 75 / 97 00 95 88 -
Marianne Svege
Tlf: 55 57 22 55 / 41 61 42 96