Rettleiar til kommunen om klage på fastsetting av modulkarakter FOV
Deltakarar i forberedande opplæring for vaksne, FOV, har rett til å klage på fastsetting av modulkarakter.
Deltakarar i forberedande opplæring for vaksne har rett til å klage på fastsetting av modulkarakter, jf. opplæringsforskrifta § 16.4 Klage på fastsetjing av modulkarakter dersom vedkommande meiner at reglane i § 15-12 Modulvurdering i førebuande opplæring for vaksne ikkje er følgt ved fastsetting av karakteren. Deltakarane kan ikkje klage på karakteren i seg sjølv. Opplæringstaden må gi deltakarar informasjon om klageretten. Sjå Statsforvaltaren sin rettleiar til vaksne deltakarar.
Kva må opplæringstaden gjere når dei har motteke klage?
Opplæringstaden må først vurdere om klagen skal tas til behandling. Klagefristen er 10 kalenderdagar. Dersom klagen blir avvist, skal opplæringstaden fatte vedtak om det. Det er klageåtgang på eit avvisingsvedtak, og opplæringstaden må opplyse om dette i sitt avvisingsvedtak.
Opplæringstaden kan etter å ha vurdert klagen og tatt den til følge, velje å gjere om karakteren til gunst for deltakaren. Dersom opplæringstaden sjølv justerer karakteren opp for deltakaren, skal saka ikkje sendast til Statsforvaltaren. Dette er i tråd med forvaltningslova § 33, moglegheita til å omgjere sitt eige vedtak. Opplæringstaden må fatte nytt vedtak. Vedtaket skal grunngjevast og deltakaren får ny rett til å klage.
I saker der kommunen er einig med klagar, skal klagen ikkje sendast til Statsforvaltaren. På utdanningsdirektoratets nettside kan de lese meir om kva som er nytt i reglane om klage på sluttvurdering: Kva er nytt i reglene om klage på sluttvurdering? | udir.no
Opplæringstaden må oversende saka til Statsforvaltaren dersom karakteren ikkje blir endra til gunst for deltakaren.
Kva må kommunen sende til Statsforvaltaren?
Se merknadene til § 16-4 Klage på fastsetjing av modulkarakter | udir.no for ytterlegare rettleiing til punkta under.
- Klagen
- Grunngjeving frå den som har hovudansvaret for opplæringa og som har satt modulkarakteren som inneheld:
- Ei grunngjeving for at dei ulike delane av fastsetting av modulkarakteren i § 15-12 er oppfylt
§ Modulvurderinga skal uttrykke deltakarane sin kompetanse ved avslutninga av opplæringa
§ Modulkarakteren skal gis ved avslutninga av opplæringa i faget
§ Avslutninga av opplæringa er når den som har stått for hovuddelen av opplæringa, vurderer at deltakarane har utvikla seg og vist tilstrekkeleg kompetanse i faget
- Uttale frå kommunen som skal bekrefte at den som har satt modulkarakteren, har gjort greie på ein måte som oppfyller krava til fastsetting av modulkarakter og som viser til at deltakarane har blitt gjort kjent med læreplanane i modulen
- Beskrivinga må vise korleis deltakarane sin kompetanse er vurdert opp mot kompetansemåla i læreplanen i faget, jf. § 15-2. Det er læreplanen som avgjer kva for kompetanse deltakarane skal ha i den aktuelle modulen. Karakteren må være satt på grunnlag av den riktige læreplanen for modulen og ut frå kompetansemåla for den aktuelle modulen.
- Beskrivinga må vise at det ikkje er trekt inn utanforleggande omsyn som innsats, fråvær og oppførsel dersom det ikkje går frem av kompetansemåla. Fråværsgrensa gjeld ikkje for vaksne deltakarar.
- Opplæringstaden sin uttale. Opplæringstaden må gjere greie for saksbehandlinga, kommentere det klager påpeker i klagen, gjere greie for korleis ein har vurdert klagen, bekrefte at den som sette karakteren i si grunngjeving oppfyller krava til fastsetting av modulkarakter og vise til at deltakarane har blitt gjort kjent med kva som blei vektlagt i vurderinga.
Sakspapira sendes over til Statsforvaltaren via vårt elektroniske skjema.
- Opplæringsstaden skal sende kopi av saksdokumenta til klagar.
- Det er svært viktig at opplæringstaden oppgir rett informasjon og adresse til klager i oversendinga til Statsforvaltaren.
Korleis behandlar Statsforvaltaren klagen?
Statsforvaltaren skal vurdere om opplæringstaden har følgt reglane i opplæringsforskrifta § 15-12 og § 16-4. Statsforvaltaren skal ikkje ta stilling til om modulkarakteren er i samsvar med deltakarane sitt faglege nivå. Dersom Statsforvaltaren kjem fram til at reglane ikkje er følgt, opphevast vedtaket og saka blir sendt tilbake til opplæringstaden. Den skal sørge for at det blir gjort ei ny vurdering og fastsette ein endeleg karakter. Opplæringstaden skal sende kopi av nytt vedtak til Statsforvaltaren.
Statsforvaltaren kan avvise klagen dersom klagefristen ikkje er overheldt, eller reglane i forvaltningslova ikkje er oppfylt.