Støtte til arbeid med innføring av LK20

Dei fleste skular og kommunar er godt i gong med fagfornyinga og innføring av LK20. For å støtte opp under denne prosessen har vi i samarbeid med dei lokale UH-institusjonane utarbeidd tilbod om fagleg støtte.

Publisert 26.09.2024

Heilt konkret tilbyr vi støtte i form av ei seminarrekkje i regi av UiB, eller ei seminarrekkje i regi av HVL og NLA. Det er ei forventing at deltakarane også har prosessar på eigen arbeidsplass, der deltakarane søkjer å integrere kunnskapane og kompetansen oppnådd gjennom seminara på eigen arbeidsplass.

Fokusområde for UiB sitt støtteoppleg

Elevaktivt arbeid med ekte data om natur, språk og samfunn.

Korleis kan vi bruke data om natur, språk og samfunn til å fremje kritisk tenking hos elevane? Kritisk tenking er viktig både i arbeidet med faga og i demokratiopplæring. LK20 har ei tydeleg vektlegging av kritisk tenking, mellom anna gjennom dei tverrfaglege tema. UiB ønsker å gjere lærarane kjende med datakjelder som kan brukast i undervisning til å fremje aktiv deltaking  og engasjement hos elevane. Målet er mellom anna at lærar og elev utviklar eit kritisk blikk på kva data kan og ikkje kan seie oss om verda og samfunnet rundt oss.

Skuleeigar kan melde si interesse for dette opplegget ved å følgje lenke på høgre side. På påmeldingssida er det også utfyllande informasjon om støtteopplegget.

Fokusområde for HVL og NLA sitt støtteopplegg

Utviklingsarbeid og leiing av profesjonelle læringsfellesskap.

Med utgangspunkt skulane sine eigne utvikling- eller interesseområde innanfor LK20, ynskjer ein gjennom dette opplegget å gi personalgrupper med ansvar og oppgåver knytt til utviklingsarbeid, støtte i desse prosessane. Målet er at personalgruppene og deltakarane etter deltaking skal ha meir kompetanse på det å drive kompetanseutviklingsprosessar på eigen arbeidsplass.

Skuleeigar kan melde si interesse for dette opplegget ved å følgje lenke på høgre side. På påmeldingssida er det også utfyllande informasjon om støtteopplegget.

Frist for påmelding er 6. desember 2024

I utgangspunktet er det skuleeigar som kan melde interesse for deltaking. I påmeldinga melder ein interesse på vegne av ei gruppe deltakarar. Målgruppene for dei ulike opplegga er litt ulike. UiB siktar seg inn mot lærarar i praksisfellesskap, mens HVL og NLA siktar seg inn på personalgrupper på ulike skular, som har ansvar og oppgåver knytt til utviklingsarbeid (skuleeigar og administrasjon kan også inngå i slike grupper). Det er eit tak for kor mange deltakar som kan delta på dei ulike opplegga. I første omgang melder ein derfor si interesse. Statsforvaltaren vil ved behov gjere ei prioritering om støttetilboda blir overteikna.

Spørsmål om støttetiltaka kan rettast til: mats.sydengen@statsforvaltaren.no eller per.aaland@statsforvaltaren.no

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.