Samisk i skulen
Alle elevar skal lære om samar og samiske tilhøve i skulen. Retten til å få undervisning i samisk språk og undervisning i samisk i andre fag, er ulik innanfor og utanfor dei samiske distrikta. I dei samiske distrikta er samisk og norsk jambyrdige.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kunnskapsløftet samisk
Læreplanane for Kunnskapsløftet samisk er likeverdige og parallelle læreplanar for opplæring i samiske distrikt.
Elever som har rett på opplæring i samisk, men som bur andre stader, følgjer læreplanen i samisk som første- eller andrespråk. Dei får opplæring i andre fag etter dei nasjonale læreplanane.
Lenke til samiske læreplanar finn du her.
Lenke til film på dei samiske språka: Samisk innhald i læreplanane for Kunnskapsløftet samisk.
Rett til samisk opplæring for alle som bur i samiske distrikt
Alle elever i grunnskulealder som bur i forvaltningsområdet for samisk språk har rett til opplæring i nordsamisk, sørsamisk eller lulesamisk, enten som førstespråk eller andrespråk. Kommunen kan avgjere at alle elevar skal ha opplæring i samisk. Elevane har òg rett til opplæring på samisk i andre fag. Dei skal få opplæring i samsvar med læreplanverket Kunnskapsløftet samisk (LK20S).
Rett til opplæring i og på samisk for samiske elever i heile landet
Alle samiske elever som bur utanfor samiske distrikt, har rett til opplæring i samisk. Det betyr at samiske elevar har rett til å lære eit av dei tre samiske språka som første- eller andrespråk uansett kor dei bur i landet.
Retten til opplæring i og på samisk
Kulturarv
Den samiske kulturarven er ein del av Norge si kulturarv. Vår felles kulturarv har utvikla seg gjennom historia og skal vidareførast av nolevande og kommande generasjonar.
Gjennom opplæringa skal elevane få innsikt i historia til det samiske urfolket, kultur, samfunnsliv og rettar. Elevane skal lære om mangfald og variasjon innanfor samisk kultur og samfunnsliv. Overordna del 1.2
Alle skular i Norge skal gi opplæring om samar og samiske tilhøve. Det går fram av både overordna del og i dei ulike faga. Elevane skal mellom anna lære om:
- historia til samane
- kampen for likeverd
- rettane til det samiske urfolket
- mangfald og variasjon i samisk kultur og samfunnsliv
I læreplanane er det samisk innhald både i tekstane i «Om faget» og i kompetansemål. I nokre av kompetansemåla er det samiske innhaldet nemnt eksplisitt, i andre kompetansemål er det samiske innhaldet implisitt. Skulane kan vurdere når og på kva måtar opplæringa skal inngå. Du finn meir om samiske forhold i tekstane «Hvordan ta i bruk læreplanene» i dei ulike faga.
Tilskot
Det finst fleire tilskotsordningar knytt til samisk opplæring:
Kontaktpersoner
-
Tanja Holum
Tlf: 57 64 31 10 / 91 57 05 12