Rettleiing om reglane i integreringslova 2025
Vi arrangerer fem rettleiingswebinar for kommunane om ulike tema i løpet av året.
Publisert 05.02.2025
I webinara vil Statsforvaltaren gi informasjon om regelverket, men deltakarar har òg mogleg til å stille spørsmål og løfte problemstillingar, både under og i forkant av webinaret. Webinaret vil vere relevant for tilsette i kommunen som har oppgåver innanfor integreringslova, men mest aktuelle for sektorleiararar, einingsleiarar og programrådgjevarar. Webinara vil bli avhaldne i teams-plattforma og vare om lag éin time.
For å melde deg på, trykkjer du på det gjeldande temaet i tabellen under. Du vil då bli tatt vidare til påmeldingssida. I forkant av webinaret vil du få ei innkalling til eit teams-møte av Statsforvaltaren.
Tema og tidspunkt
Tema | Tidspunkt |
Endringar og avklaringar i regelverket | 6. mars 2025 |
Norskmål og sluttmål | 13. mai 2025 |
Orientering om endringar i integreringslova (atterhald om at ny lov blir vedteke) | 25. september 2025 |
Presentasjon av svar på spørsmål gjeldande regelverk stilt Statsforvaltaren i 2025. Vi vil vidare svare ut uavklara spørsmål frå tidlegare webinar. | 14. oktober 2025 |
Tolkingar og avklaringar frå AID og IMDi | 9. desember 2025 |
Vel møtt!