Rammeplan for skulefritidsordning

Skulefritidsordningane er ein viktig del av dagen til barna i dei lågaste trinna i skulen, og ordninga blir rekna som ein del av eit heilheitleg skuletilbod for familiane. På hausten  2021 vart arbeidet i SFO regulert i ein nasjonal rammeplan. Har rammeplan påverka arbeidet og innhaldet i SFO?

Publisert 14.06.2024

Omfang

Dei siste åra har deltaking i SFO auka betrakteleg jf. tal frå SSB per desember 203. Mykje av grunnen til auken er at regjeringa innførte gratis kjernetid for 1. og 2. trinn i 2022 og 2023. Frå hausten 2024 vil denne ordninga òg gjelde 3. trinn. Sidan SFO er ein viktig fritidsarena for så mange barn er det avgjerande at skuleeigar, og tilsette i SFO arbeider med kvalitet, og at dei tilsette har ei felles forståing for oppdraget som er gitt i rammeplanen.

Om rammeplan for SFO

Alle kommunar skal ha ei skulefritidsordning. Kommunen, og rektor som vanlegvis er verksemdsleiar, har eit ansvar for å innføre den nasjonale rammeplan. Målet med rammeplan er å bidra til eit likeverdig skulefritidstilbod av god kvalitet over heile landet.

Rammeplanen for SFO har status som forskrift til opplæringslova § 4-5 ny lov (§ 13-7 tidlegare lov). Den omfattar òg retten til eit trygt og godt fysisk og psykisk skulemiljø etter kapittel 12 ny opplæringslov (kap. 9 A tidlegare lov). Forskrifta understrekar betydninga av leik og barnas eigeninitierte aktivitetar, og gir rom for lokale variasjonar, satsingar og planar ved den einskilde SFO.

Evaluering av implementering av rammeplan for SFO

Utdanningsdirektoratet har teke initiativ til å evaluere prosessen med innføring av rammeplan. NTNU Samfunnsforsking publiserte to rapportar, ein i 2022 og ein i 2023.

I første delrapport (2022) var intensjonen å kartlegge korleis rammeplan var kjent for leiarar og tilsette, korleis arbeidet var kopla til skulens øvrige arbeid og om rammeplan hadde hatt innverknad på arbeidet som føregår i SFO.

I andre delrapport undersøkte ein mellom anna korleis SFO sitt verdigrunnlag samsvarte med kommunen og skulenes arbeid, korleis arbeidet med å innføre rammeplanen var organisert og korleis ein forstår inkludering, mangold og samarbeid i SFO sett i lys av rammeplanen.

2022 Rammeplan er vidareføring av etablert praksis

2023 Praksis samsvarar med rammeplan

Hovudfunn

Hovudfunn

Rammeplanen vidarefører den etablerte praksisen i SFO

Rammeplanen er relativt laust kobla til det øvrige arbeidet i skulen

Svekka SFO-tilbud til elevar med særskilte behov

Det er stor variasjon i korleis dei ulike SFO-ane jobbar med rammeplanen

Rammeplanarbeidet sjåast lite i samanheng med skulens arbeid med LK20

SFO-tilsette opplev avgrensa muligheiter til å jobbe vidare med innhaldet i rammeplanen

 

Støttemateriell

Den nasjonale rammeplanen skal som kjent bidra til eit meir likeverdig skulefritidstilbod over heile landet. I dag varierer det korleis dei ulike SFO’ane arbeider med rammeplanen. Vi gjer derfor skuleeigar, leiarar og tilsette i SFO merksam på at det finns støttemateriell og kompetansepakkar for kvalitetsarbeid på Utdanningsdirektoratet sine heimesider (sjå lenke i høgre marg)

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.