Nasjonale prøver 2019

Gjennomsnittstala for Hordaland og Sogn og Fjordane fylke er positive og stabile over tid. Men går vi bak tala og ser på resultata til jenter og gutar, er det nokre interessante skilnader. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.11.2019

Resultata ligg stort sett på landssnittet i rekning, lesing og engelsk, men det er nokre skilnader.

  • Lesing 5. trinn syner at jentene i Sogn og Fjordane ligg eit poeng under gutane, medan det for nokre år tilbake var motsett og då låg jentene godt over gutane sine resultat.
  • I rekning og engelsk 5. trinn ligg gutane i begge fylka eit til to poeng over jentene.
  • På 8. trinn er det den same trenden, gutane i begge fylka presterer betre enn jentene i engelsk og rekning.
  • I lesing 8. trinn i begge fylka presterer jentene 3 poeng betre enn gutane.
  • Den største kjønnsskilnaden finn vi i lesing og rekning på 9. trinn der jentene ligg 3-4 poeng over gutane i lesing og motsett i rekning.

5. trinn

      Engelsk Lesing Rekning
Nasjonalt Trinn 5 50 50 50
Hordaland fylke Trinn 5 50 49 50
Sogn og Fjordane fylke Trinn 5 49 49 50

8. trinn

      Engelsk Lesing Rekning
Nasjonalt Trinn 8 50 50 50
Hordaland fylke Trinn 8 50 49 49
Sogn og Fjordane fylke Trinn 8 50 50 51

9. trinn

         Lesing Rekning
Nasjonalt Trinn 9   54 54
Hordaland fylke Trinn 9   53 53
Sogn og Fjordane fylke Trinn 9   54 55

Kva er nasjonale prøver?

Føremålet med nasjonale prøver er å gi skolane kunnskap om elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing, rekning og engelsk. Informasjonen frå prøvene skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skolesystemet.

Prøvene blir gjennomførte om hausten, kort tid etter at elevane har starta på 5., 8. og 9. trinn.

Det er viktig å analysere resultata

Går vi bak tala på fylkesnivå, ser vi likevel at det er tydelege variasjonar i dei ulike resultata på skule- og kommunenivå.

Det er viktig at kommunane og skulane gjer gode analysar av resultata, slik at dei skulane som har utfordringar, tek tak i desse på ein konstruktiv måte og lagar gode prosessar for utvikling og forbetring. Det aller viktigaste er å ta tak i dei grunnleggjande ferdigheitene og utfordringa det er å løfte elevar frå dei lågaste meistringsnivåa.

Forsking viser at tidleg innsats og kompetanseutvikling har mykje å seie for seinare fagleg og sosial utvikling.

Meir utdjupande og interessante analysar av resultata på lands- og fylkesnivå, er å finne på lenkene under som viser til Utdanningsdirektoratet sine oppsummeringar av prøveresultata.

Nokre elevar er fritekne frå nasjonale prøver

Deltakinga på dei tre nasjonale prøvene er generelt høg, ca. 94 prosent på 5. trinn og 95 prosent på 8. og 9. trinn. Skulane i landet fritek berre 3,7 prosent av elevane i lesing, 3,8 prosent i engelsk, og 3,4 prosent i rekning.

I våre to fylke er fritaksprosenten noko høgare enn resten av landet, Sogn og Fjordane ca. 5,6 prosent og Hordaland 5,7 prosent.

Fritaksprosenten for dei ulike fylka og kommunane ligg på skoleporten.no.

Elevar som er fritekne frå nasjonale prøver, har eit enkeltvedtak om spesialundervisning eller særskilt språkopplæring. Elevane blir fritekne når det er klart at resultatet frå prøven ikkje vil ha nokon betydning for den vidare opplæringa til eleven.

Her finn du meir informasjon om dei nasjonale prøvene

Utdanningsdirektoratet sin analyse for 5. trinn 2019

Utdannningsdirektoratet sin analyse for 8. og 9. trinn 2019

Skoleporten.no – resultat frå prøvene for 5. trinn

Skoleporten.no – resultat frå prøvene for 8. og 9.trinn

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.