Mogleg streik: Lærarar som er sensorar for årets eksamenar skal framleis sensurere eksamenssvar
Sensoroppdraget er eit oppdrag som i sin heilskap er knytt til fylkesmannsembetet, og skal gå sin gang uavhengig av ein eventuell lærarstreik.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 22.05.2019
Lærarar på ungdomstrinnet og i dei vidaregåande skulane kan bli teke ut i streik, dersom Unio og KS ikkje blir samde i årets lønnsoppgjer. Meklingsfristen er 24. mai.
Lærarar som er sensorar for årets eksamenar skal framleis sensurere eksamenssvar. Sensoroppdraget er ikkje knytt til tilsetjingstilhøvet ved skulen – dette er eit oppdrag som i sin heilskap er knytt til fylkesmannsembetet og sensoroppdraga skal gå sin gang.