Elevundersøkinga 2024

Etter fleire år med nasjonal auke i prosentdelen av elevar som opplever mobbing, ser ein no teikn til endring. Resultata for Vestland skil seg frå dei nasjonale tala på enkelte område.

Publisert 20.01.2025

Om Elevundersøkinga

Elevane har rett på eit trygt og godt skulemiljø, som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. Dette står i opplæringslova paragraf 12-2.

Elevundersøkinga er ei årleg nettbasert undersøking om elevane sitt skule- og læringsmiljø i regi av Utdanningsdirektoratet. Undersøkinga er obligatorisk å gjennomføre på 7. og 10. trinn i grunnskulen og på vg1 i vidaregåande skule, men kan gjennomførast på alle trinn frå 5. trinn til og med vg3. Føremålet med undersøkinga er å følgje med på og kartleggje sentrale sider ved læringsmiljøet på skular.

Mobbing på skulen, tal for skuleåret 2024-2025 (offentleg skule)

Grunnskulen

Elevundersøkinga for 2022 og 2023 viste nasjonal auke i prosentdelen av elevar på 7. og 10. trinn som opplevde mobbing på skulen. Denne trenden ser ut til å avta på landsbasis i 2024.

Ser vi på resultata for elevane i Vestland på 7. og 10. trinn i 2024 er det noko høgare prosent av elevane på 10. årssteg i Vestland som opplever å bli mobba på skulen, enn i landet elles. På 7. årssteg er prosentdelen litt lågare enn nasjonalt.

2024 Årssteg Prosent
Vestland 7. trinn 11,9
Nasjonalt 7. trinn 12,1
        
Vestland 10. trinn 11,4
Nasjonalt 10. trinn 10,7

 

Vidaregåande skule

På vidaregåande trinn 1 og 2 svarar elevane Vestland nær likt med elevane i landet elles på spørsmåla om mobbing på skulen. Når det gjeld elevane på vidaregåande trinn 3 er det færre elevar i Vestland som opplever å bli mobba, enn elevane nasjonalt i 2024. Det er òg prosentvis færre elevar på trinn 3 i Vestland som svarar at dei vert mobba sett opp mot resultata for Vestland i 2023.

2024 Vidaregåande trinn Prosent
Vestland vg1 6,3
Nasjonalt vg1 6,4
        
Vestland vg2 6,1
Nasjonalt vg2 6,1
        
Vestland vg3 2,8
Nasjonalt vg3 3,9


Kunnskapsministaren seier i ei pressemelding den 13. januar i år at det framleis er alt for mange  elevar som svarar at dei vert mobba på skulen, og at dette gjev grunn til bekymring.

Trivsel og motivasjon

I Elevundersøkinga skal elevane mellom anna svare på spørsmålet Trivst du på skulen?

Utdanningsdirektoratet har oppsummert hovudfunna i undersøkinga for 2024 og eitt av hovudfunna er at dei fleste elevar trivst på skulen. Samanlikna med fjoråret aukar delen elevar med ein til to prosentpoeng på samtlege trinn, om ein ser på resultata på landsbasis.  

Ser vi på tala for Vestland (offentlege skular) er det også ei svak betring i resultatet frå 2023 til 2024 på 7. årssteg, frå 4,0 til 4,1. Dette gjer seg tilsvarande gjeldande for vg1 der det har vore ei betring frå 4,1 i 2023 til 4,2 i 2024. Talet for 10. årssteg i Vestland er stabilt mot året før.

I Elevundersøkinga forsøker Utdanningsdirektoratet å undersøke elevane sin skulemotivasjon. Elevane blir bedt om å ta stilling til om dei er interessert i å lære på skulen, kor godt dei likar skulearbeidet og om dei gler seg til å gå på skulen.

Utdanningsdirektoratet finn at etter fleire år med færre motiverte elevar, ser denne nedgangen til å flate ut nasjonalt.

Tala for Vestland viser ei svak betring i resultatet for motivasjon frå 2023 til 2024 på 7. årssteg, frå 3,3 til 3,4. Medan på 10. årssteg (3,1) og vg1 (3,5) er fylkestala ikkje endra .

Kunnskapsdepartementet opplyser at om lag 442 000 elevar har svart på undersøkinga hausten 2024. Du finn meir informasjon om resultata i årets undersøking ved å følgje lenkene på høgre side i artikkelen. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.