Auka tiltaksnivå i barnehage og skule
Frå torsdag 16. desember blir det raudt nivå for vidaregåande skular og gult nivå i barnehagar og på barne- og ungdomsskular.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Regjeringa har vedtatt å auke det nasjonale tiltaksnivået i barnehagar og skular. Frå torsdag 16. desember må barnehagar, barneskular, SFOar og ungdomsskular drive på gult nivå. Vidaregåande skular og vaksenopplæringa må drive på raudt nivå. Lokale helsemyndigheiter kan vurdere å auke til raudt tiltaksnivå, og barnehagar og skular må difor vere budd på dette. Det er trakfikklysmodellen som brukast for å styre smitteverntiltaka i barnehagar og skular.
Du finn meir informasjon på Utdanningsdirektoratet sine nettsider. Der finn ein óg til ei kvar tid oppdatert informasjon om dei nasjonale tiltaka som gjeld for skule og barnehage.