Alle elevar i vidaregåande opplæring har rett til å fullføre

Elevar med individuelt tilrettelagd opplæring har rett til opplæring fram mot studie- og yrkeskompetanse, sjølv om dei har nådd måla i IOP.

Publisert 12.03.2025

Retten til vidaregåande opplæring gjeld fram til oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, uavhengig kor lang tid den enkelte nyttar. Nokre elevar har behov for individuelt tilrettelagd opplæring og kan ha mål om sluttkompetanse på eit lågare nivå. Sjølv om elevar siktar seg inn mot ein annan sluttkompetanse, vil dei framleis ha rett til opplæring fram mot studie- eller yrkeskompetanse.

For elevar med individuell opplæringsplan (IOP) inneber fullføringsretten:

  • at retten ikkje er avgrensa til tre år.
  • at elevane har rett til å fullføre sluttkompetansen ut i frå måla i sin IOP, uavhengig av tida dei bruker på dette.
  • at dei som har nådd måla i sin IOP framleis har retten til opplæring fram mot studie- eller yrkeskompetanse i behald.
    • dette inneber at kandidatar som har nådd sine individuelle mål ikkje har brukt opp retten etter opplæringslova § 5-1 andre ledd, og kan få meir opplæring.

Du kan du lese meir om fullføringsretten for elevar med individuelt tilrettelagd opplæring på Utdanningsdirektoratets nettside:

Fullføringsretten for elever med individuelt tilrettelagt opplæring | udir.no

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.