Rektorane må vere merksame på at varsel om juks berre dukkar opp i PAS

Nytt på eksamen i år er at Utdanningsdirektoratet (Udir) har utvikla eit standardskjema i PAS som sensor skal bruke for å melde frå ved mistanke om juks.

Publisert 29.05.2024

Sensorar melder frå om mistanke om juks digitalt via PAS

Tidlegare har sensor meldt frå til statsforvaltaren ved mistanke om juks. No skal sensor heller melde frå ved mistanke om juks ved å bruke standardskjemaet i PAS.

Rektor må sjekke PAS kvar dag

Vi gjer merksame på at rektor berre vil bli varsla i PAS ved mistanke om juks, og at rektor difor må følgje med undervegs i sensurperioden og på fellessensurdagane. Varselet vil komme opp på skuleadministrator si landingsside i PAS.

Ved melding om mistanke om juks, skal rektor undersøke saka før det eventuelt blir gjort enkeltvedtak om annullering av eksamen. Eleven skal i forkant ha høve til å uttale seg. Du finn meir informasjon om saksgangen på Udir si heimeside, her.

Annullering av eksamen er eit enkeltvedtak som kan påklagast til statsforvaltaren.


Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.