Klage på eksamen
Statsforvaltaren er klageinstans på sluttvurdering i grunnskulen, vidaregåande opplæring og vaksenopplæringa. På denne sida vil du finne informasjon om korleis du skal gå fram om du vil klage på eksamen.
Klage på skriftleg eksamen
Du må levere klagen skriftleg til skulen eller i privatistportalen innan ti dagar etter karakteren er gjort tilgjengeleg for deg. Klagen blir registrert i PAS-eksamen. Sikt over kven som er klageinstans for dei ulike faga, finn skulen og skuleeigar i PAS-eksamen under menypunktet Klageansvar.
Statsforvaltaren i Vestland har nasjonalt ansvar for hurtigklage for fleire fag etter våreksamen i vidaregåande opplæring, mellom anna i engelsk og nokre framandspråk. Vi er ikkje klageinstans for eksamensfag i grunnskulen.
For meir informasjon om klagebehandling for sentralt gitte eksamenar i grunnskulen og i vidaregåande opplæring, sjå Utdanningsdirektoratet si nettside: Administrere eksamen | udir.no
Klage på munnleg, munnleg–praktisk og praktisk eksamen
Ved munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen kan du berre klage på formelle feil. Feila må då ha betyding for karakteren du fekk. Du må levere klagen skriftleg til skulen seinast innan ti dagar frå du vart gjort kjent med karakteren. Eksaminator, sensor og rektor må uttale seg, og rektor sender uttalen saman med klagen til Statsforvaltaren i Vestland. Til høgre på denne sida finn du kva dokument ein må sende inn.
Statsforvaltaren i Vestland er klageinstans for grunnskular og vidaregåande skular i Vestland på munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen.
Du kan lese meir om reglande for munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen på Utdanningsdirektoratet si nettside: Regler for muntlig eksamen og muntlig-praktisk eksamen | udir.no
Sjå forskrift til opplæringslova med merknader: § 10-8 Klage på gjennomføringa av munnleg eksamen og eksamen som ikkje berre er skriftleg eller munnleg | udir.no
Kontaktpersoner
Klage på munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen
Ved klage på munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen skal skulen sende ved følgjande dokument:
- Klage frå elev/privatist
- Uttale frå eksaminator
- Uttale frå sensor
- Uttale frå rektor
- Eksamensoppgåva
- Kommunen/fylkeskommunen sine retningslinjer for gjennomføring av lokalt gitt eksamen
- Andre dokument skulen meiner er relevant for vår handsaming av saka.
Innsendar må hugse å sende klagar kopi av dokumenta som blir sendt til oss. Send inn klage i skjema Send sikker melding til Statsforvalteren.

