Eksamen
Statsforvaltaren har som oppgåve å følgje opp regionalt arbeid med det nasjonale systemet som gjeld eksamen.
Oppgåvene går ut på sensur for skriftleg eksamen i grunnskulen og grunnskuleopplæring for vaksne, og eksamen og klagebehandling for skriftleg eksamen i vidaregåande opplæring.
Skriftleg eksamen
- oppnemning og skulering av sensorar
- fordeling av sensorane i eksamenssystemet
- innkalling og gjennomføring av møter i samband med fellessensuren
- organisere klagebehandling ved klager på eksamenskarakterar
- medverke til å utarbeide karakterstatistikk
- økonomirapportering av forbruk i samband med eksamensordninga
- rettleie skular, skuleeigarar og sensorar i bruk av PAS-eksamen og prøvegjennomføringssystemet PGS
Munnleg eksamen
Munnleg eksamen er ein lokalt gitt eksamen som skuleeigar har ansvaret for. For meir informasjon sjå Utdanningsdirektoratet si side om munnleg eksamen.
Klage på eksamen
Skriftleg eksamen
Statsforvaltaren i Vestland er ikkje klageinstans for eksamensfag i grunnskulen. Oversikt over kven som er klageinstans for dei ulike faga, finn skular og skuleeigarar i PAS-eksamen under menypunktet Klageansvar.
Munnleg eksamen
Statsforvaltaren er klageinstans for klager i alle fag frå skular i Vestland.
Vidaregåande opplæring
Statsforvaltaren i Vestland er klageinstans for fleire fag frå vidaregåande skular, mellom anna språkfaga engelsk, tysk, fransk og spansk. I tillegg også samfunnsfagkodar og realfagskodar.
Sjå elles meir informasjon om eksamen på Utdanningsdirektoratet sine sider.
Meld deg på testeksamen
På testeksamen i haust kan dei vidaregåande skulane teste utstyr og teknisk oppsett slik at dei er godt førebudd til hausteksamen.
Publisert 27.06.2024
Dato for fellessensur våren 2025
Fellessensur for sentralt gitt eksamen i grunnskulen og vidaregåande opplæring er sett til 16. – 18. juni 2025.
Publisert 29.05.2024
Rektorane må vere merksame på at varsel om juks berre dukkar opp i PAS
Nytt på eksamen i år er at Utdanningsdirektoratet (Udir) har utvikla eit standardskjema i PAS som sensor skal bruke for å melde frå ved mistanke om juks.
Publisert 05.02.2024
Meld deg på testeksamen
På testeksamen kan skulen teste utstyr og teknisk oppsett slik at de er godt førebudd til eksamen.
Publisert 05.02.2024
Datoar for sensorskuleringar - våren 2024
Her finn du datoane for sensorskuleringar i vidaregåande opplæring våren 2024. Oppnemnde sensorar blir kontakta for påmelding.
Publisert 04.10.2023
Dato for fellessensur våren 2024
Fellessensur for sentralt gitt eksamen i grunnskulen og vidaregåande opplæring er sett til 18. – 20. juni 2024.
Publisert 09.01.2023
Datoar for sensorskulering våren 2023 i vidaregåande opplæring
Her finn du datoane for sensorskuleringar i vidaregåande opplæring våren 2023 i fag Statsforvaltaren i Vestland har sensuransvar for. Oppnemnde sensorar vil bli kontakta for påmelding.
Publisert 29.09.2022
Dato for fellessensur våren 2023
Fellessensur for sentralt gitt eksamen i grunnskulen og vidaregåande opplæring er sett til 19. – 21. juni 2023.
Publisert 25.10.2021
Fagdagar for lærarar og sensorar i matematikk, engelsk og norsk i grunnskulen
Vi inviterer til fagdagar for lærarar og sensorar i matematikk, engelsk og norsk i grunnskulen.
Publisert 03.05.2021
Eksamen våren 2021
Utdanningsdirektoratet har publisert avklaringar om munnleg eksamen for avgangselevar.
Kontaktpersoner
Aktuelt
Datoar for fellessensur 2025
Grunnskulen
- Måndag 16. juni – norsk, engelsk og matematikk.
Vidaregåande skule
- Fellessensur etter hausteksamen 3. januar 2025.
- Tysdag 17. juni – norsk hovudmål og sidemål, spansk og fransk.
- Onsdag 18. juni – engelsk, tysk, marknadsføring og leiing 2, reiseliv og språk, rettslære 2 og samfunnsøkonomi.
Dato for sensorskulering våren 2025
Grunnskulen
- 2. juni – norsk, engelsk og matematikk.
Vidaregåande skule
- 21. mai - norsk hovudmål og norsk sidemål
Kontakt oss om eksamen: