Samla seg om erfaringsdeling

Stand på barnevernsleiar- og læringsnettverkskonferansen: Øygarden og Askøy kommune viser fram sitt arbeid med samtalekort i prosjekta «Frå barnets vindauge» og «Med blikket festa på barnet». Øygarden har også utvikla ein nettverksmodell dei kallar «Landsbyen kring barnet». Foto: Bente Cecilie Foss/Statsforvaltaren i Vestland.

I 2024 har Statsforvaltaren tildelt nær 4,5 millionar kroner i stimuleringsmidlar til ni utviklingsprosjekt. Fleire av prosjekta vart løfta fram på barneverns- og læringsnettverkskonferansen i Bergen i september.

Publisert 25.09.2024, Sist endret 25.09.2024

Det skjer mykje spanande og viktig utviklingsarbeid i barnevernstenestene i Vestland. Til saman deltok 130 leiarar og prosjektleiarar frå barnevernstenestene, utdanningsinstitusjonar, kompetansemiljø, brukarorganisasjonar, KS, Bufetat og Statsforvaltaren på samlinga. På konferansen hadde mange av kommunane og samarbeidspartnarane stands der dei fortalde om kva dei har utvikla og lært i prosjekta. Målet er at det som er utvikla etterkvart skal bli tilgjengeleg for alle kommunane i Vestland. Sjå oversikt over alle prosjekta i denne lenkja.

Både «Vestlandsmodellen», «ZIP-TEAM», «Frå barnets Vindauge», «Ein god start» og «Ein ny start» har gitt opplæring i det som er utvikla til barnevernstenester i andre fylke.

Vi har også starta opp eit arbeid for å kvalitetssikre, sørge for berekraft i opplærings- og implementeringsriggen og gjere resultata tilgjengeleg for fleire. Dette arbeidet kallar vi «Gullprosjektet», som du kan lese meir om i følgjande artikkel: Rapport samlar erfaringar frå seks prosjekt på fosterheimsområdet | Statsforvaltaren i Vestland (statsforvalteren.no)

Læringsnettverket i Vestland

Kommunane i Vestland kan gå saman om å søke stimuleringsmidlar til utviklingarbeid. Målet er teneste- og tiltaksutvikling for å gje endå betre tenester til dei barna og familiane som treng det.

Statsforvaltaren har gitt tilskot til 23 utviklingsprosjekt frå 2018 og fram til i dag. I 2024 har Statsforvaltaren tildelt 4 444 531 kr i stimuleringsmidlar til ni utviklingsprosjekt. Du kan lese meir om utviklingsprosjekta, læringsnettverket og dei ulike samarbeidspartnarane som støttar opp om utviklingsarbeidet som skjer kring tenester og tiltak til barn, unge og deira foreldre, på følgjande side: Læringsnettverk for barnevernstenestene | Statsforvaltaren i Vestland (statsforvalteren.no)

Fleire av utviklingsprosjekta har vekt nasjonal interesse, og er omtala i «Fosterheim - ein trygg heim å bu i».

Prosjektleiar, Solveig Hus Hansen (t.v.) fortel om utviklingsprosjektet «Rettleiing i Vestland» der ti vestlandskommunar har gått saman om å auka kompetanse og sikre fagleg god og jamleg rettleiing til tilsette i barneverntenestene. Her saman med Anja Brekke Moldvær, som er barnevernsleiar i Aurland og Lærdal barnevernteneste. Foto: Bente Cecilie Foss/Statsforvaltaren i Vestland.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.