Oversikt over utviklingsprosjekt i barnevernstenestene i Vestland
Det skjer mykje spanande og viktig utviklingsarbeid i barnevernstenestene i Vestland. Statsforvaltaren har tildelt tilskot til 18 utviklingsprosjekt frå 2018 og fram til i dag.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fram til 2024 kan kommunane i læringsnettverket for barnevernstenester i Vestland gå saman om å søke stimuleringsmidlar frå Statsforvaltaren til å setje i verk utviklingsprosjekt. Målet er teneste- og tiltaksutvikling for å gje endå betre tenester til dei barna og familiane som treng det.
I 2022 har Statsforvaltaren tildelt til saman 4 345 026 kr i prosjektmidlar til 11 prosjekt. Du kan lese meir om læringsnettverk for kommunal barnevernsteneste på Statsforvaltaren si nettside.
Du kan lese meir om nokre av dei totalt 18 prosjekta, tema og kva kommunar som er med i oversikta under.
- Prosjekt 1: Vestlandsmodellen for undersøkelse i saker med høy konflikt mellom foreldre - Kvam, Voss, Øygarden og Bjørnafjorden
- Prosjekt 4: Fagleg fellesskap på tvers av kommunegrenser - Kvinnherad, Austevoll og Tysnes
- Prosjekt 5: Sammen om å støtte barns utvikling i fosterhjem - Askøy, Alver og Bergen
- Prosjekt 6: Styrking av fosterheimsarbeidet - Haugesund, Utsira, Karmøy, Bokn, Tysvær, Sveio, Etne, Vindafjord, Sauda og Suldal
- Prosjekt 9: Betre hjelpetiltak i barnevernet - fokus på foreldrerettleiing - Stad, Gloppen og Stryn
- Prosjekt 10: Kompetanseløft vald og seksuelle overgrep - Kvinnherad og Ullensvang
- Prosjekt 11: Den gode fosterheimen - Sunnfjord, Bremanger, Askvoll, Fjaler, Solund, Masfjorden, Hyllestad og Gulen
- Prosjekt 12: Utvikling av eit robust kvalitetssikkert fosterheimsarbeid - Voss, Kvam og Ullensvang
- Prosjekt 13:Til fosterbarnets beste - Bjørnafjorden, Stord Bømlo og Fitjar
- Prosjekt 14: Styrking av barnevernvaktordninga - Øygarden og Askøy
- Prosjekt 15: Frå barnet sitt vindauge - Øygarden og Askøy kommune
- Prosjekt 16: Rekruttering i geografisk nærheit - Øygarden og Alver kommune
- Prosjekt 18: Rett hjelp der barnet bur - Fitjar, Stord, Haugesund, Bømlo, Karmøy, Bokn og Utsira