Øvingskøyring på barnevernsinstitusjonar
Ungdom som bur på barnevernsinstitusjon kan øvingskøyre dersom helsekrava er oppfylte. Det er opp til institusjonen om dei vil tilby ungdommane dette under institusjonsopphaldet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Opp til barnevernsinstitusjonane
Ungdommar har ikkje ein rett til øvingskøyring, og det er opp til institusjonen å bestemme om dette er noko dei vil tilby. Dersom institusjonen har bestemt at øvingskøyring er noko dei ikkje vil ta ansvar for eller tilby, bør dei hjelpe ungdommen med å finne ut om andre kan hjelpe, til dømes barnevernstenesta eller ein frivillig organisasjon.
Helsekrav, rus og øvingskøyring
Ungdom som skal øvingskøyre må oppfylle helsekrava. Dersom ein er i tvil om helsekrava er oppfylt må ei vurdering gjerast i samråd med lege. I likskap med dei som har førarkort, må også dei som øvingskøyrer vera edru og fylla dei helsekrava som går fram av vedlegg 1 til førarkortforskrifta, jamfør vegtrafikklova §§ 21, 22 og 24.
Personar som har ein skadeleg rusmiddelbruk eller som er rusmiddelavhengige fyller ikkje helsekrava i førarkortforskrifta. Med skadeleg bruk, meiner ein bruk som meir varig reduserer aktpågiving og køyreevne. Rusmiddelavhengige kan ha periodar med og utan skadeleg bruk. Helsekrava blir likevel ikkje rekna for å vera fylte, før vedkommande har klart seg ein lengre periode utan skadeleg bruk. På helsedirektoratet sine sider kan du lese meir om øvingskøyring og helsekrav.