Nytt samtaleverktøy styrker barn si stemme
Eit nytt samtaleverktøy for barn og unge i barnevernsinstitusjonar skal gjere det lettare for barn å formidle korleis dei har det.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 06.09.2019
Korleis få til ei god samtale med barn og unge som er i barneverninstitusjon? Svaret kan vere samtaleverktøyet HER BOR, som Fylkesmannen i Vestland no tek i bruk. Det er utvikla av Fylkesmannen i Trøndelag, som sidan januar har testa verktøyet under tilsynsbesøk hos barn i barnevernsinstitusjonar.
Samtaleverktøyet HER BOR er ein app som vi nyttar når vi er på tilsyn på barneverninstusjonar og snakkar med barn under 12 år. Målet med det digitale samtaleverktøyet er å styrke barnas stemme og involvering.