E-læringskurs om barnets beste og barns rett til å bli høyrt
Plikta til å vurdere barnets beste er slått fast i Grunnlova, men korleis gjer vi det?
Alle som jobbar i offentleg forvaltning må kjenne til reglane om retten barn har til bli høyrde. Du som saksbehandlar må kjenne til korleis du skal innhente opplysningar, vurdere og ta omsyn til barnets beste i saker som angår barn og påverkar barn.
Barneombodet tilbyr eit e-læringskurs om dette. Kurset tek utgangspunkt i dei to prinsippa «barnets beste» og «barns rett til å bli høyrde», og presenterer ein praktisk modell for korleis vi kan vareta barnets behov og interesser i alle saker som vedrører barn, både på individnivå og systemnivå.
Kurset er inndelt i fire mindre kurs du kan ta kvar for seg:
- Barnets beste på individnivå
- Barnets beste på systemnivå
- Barn rett til å bli høyrde på individnivå
- Barn rett til å bli høyrde på systemnivå
Du finn kurset på heimesida til Barneombodet: E-læring – Barneombudet