Barnevernssaker der barn har tilknyting til fleire land
Kva reglar gjeld i barnevernssaker der barn har tilknyting til fleire land?
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Som følgje av internasjonalisering og auka innvandring har stadig fleire barn i Noreg tilknyting til andre land. Barnevernssaker som omhandlar barn som har tilknyting til fleire land kan vere utfordrande for barnevernstenesta å handtere.
Alle barn i Noreg skal beskyttast mot overgrep og omsorgssvikt. Dette gjeld uavhengig av statsborgarskap, opphaldsstatus eller bakgrunn.
Haagkonvensjonen bidreg til auka vern
Haagkonvensjonen vart gjort gjeldande i Noreg 1. juli 2016. Konvensjonens overordna formål er å bidra til auka vern av barn i internasjonale situasjonar. Konvensjonen omfattar tryggingstiltak, som fosterheimsplasseringar og plassering i institusjon, foreldreansvar og samvær, verjemål og vern av barn sin eigedom. Konvensjonen omfattar ikkje adopsjon og barnebidrag.
Internasjonal sentralmyndighet for barnevernsområdet har ansvar for handteringa av slike saker. Dei kan samarbeide med styresmaktene i andre land.
Barneverntenester som får slike saker kan ta kontakt på e-post: SentralmyndighetHaag1996@bufdir.no.