Kompetanse- og tenesteutviklingstilskot 2023
- Søknadsfrist:
- 15. mars 2023 23:00
- Målgruppe:
- Tilsette i helse- og omsorgstenestene, og brukarar av kommunale helse- og omsorgstenester
- Ansvarlig:
- Helse- og omsorgsavdelingen
- Hvem kan søke:
- Kommunar, fylkeskommune, universitet og høgskular. Kommunar kan gjerne søke i samarbeid med andre kommunar, helseføretak, frivillig sektor, utdanningsinstitusjonar, næringsliv eller andre
- Rapporteringsfrist:
- 15. februar 2024 23:00
Tilskot til kompetansehevande tiltak og utviklingsarbeid for å styrke kommunane si evne til å møte framtidas utfordringar på helse- og omsorgsfeltet og utvikle berekraftige og gode omsorgstenester.
Nytt søknadsskjema for 2023 finn du under «Dokument». Regelverket er revidert for 2023.
Les meir om tilskotet og nytt regelverk på heimesida til Helsedirektoratet.
Søknader og rapportering skal gå elektronisk til vårt ppostmottak: sfvtpost@statsforvalteren.no
Merk at dette ikkje skal gå direkte til kontaktpersonane.
Søknadsfrist 15. mars 2023
De kan rekne med å få svar på søknaden innan 24. juni 2023.
Kva kan tilskotet gå til?
- Ulike kompetansehevingstiltak. Utdanning på vidaregåande nivå/fagbrev (helsefagarbeidar mv.), medrekna kvalifisering av tilsette utan formell fagutdanning, fagskuleutdanning, bachelorutdanning i helse- og sosialfag, vidareutdanning, mastergradutdanning og ABC-opplæring.
- Opplæring om brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Opplæringa av arbeidsleiarar, saksbehandlarar og assistentar skal vere i tråd med kommunen si opplæringsplan/ kompetanseplan.
- Tenesteutviklingsprosjekt. Søknaden må mellom anna innehalde mål og målgrupper, tiltak, eventuelle samarbeidspartar, forventa effektar, leiarforankring, og brukarmedverknad. Det er mogleg å søkje om inntil 5 tenesteutviklingsprosjekt.
- Oppretting og utprøving av modellar for fleksible kommunale avlastingstilbod til pårørande. Dette er eit viktig tiltak knytt til regjeringas pårørandestrategi med handlingsplan. Delar av tenesteutviklingstilskotet er øyremerka dette tiltaket.
Andre tildelingskriterium, prioriteringar og regelverk for ordninga kan du lese om på nettsida til Helsedirektoratet og i brevet frå Statsforvaltaren.
Rapportering for tilskot motteke i 2022
Frist for å rapportere på tilskot motteke i 2022 er sett til 15. februar 2023. Sjå eigen artikkel om rapporteringa her Rapportering på kompetanse- og innovasjonstilskot 2022 | Statsforvalteren i Vestfold og Telemark
- Søknadsfrist:
- 15. mars 2023 23:00
- Målgruppe:
- Tilsette i helse- og omsorgstenestene, og brukarar av kommunale helse- og omsorgstenester
- Ansvarlig:
- Helse- og omsorgsavdelingen
- Hvem kan søke:
- Kommunar, fylkeskommune, universitet og høgskular. Kommunar kan gjerne søke i samarbeid med andre kommunar, helseføretak, frivillig sektor, utdanningsinstitusjonar, næringsliv eller andre
- Rapporteringsfrist:
- 15. februar 2024 23:00